Hopp til innhold

Tek opp eldgamal tradisjon for å redda feiloppussa kyrkjer 

Sement har skada mange steinkyrkjer frå mellomalderen. Kalk frå denne omnen kan gi dei nytt håp.

Per Storemyr i Fabrica driv kalkbrenning i Mosterhamn

VARM ARBEIDSPLASS: Inni omnen er det rundt 1200 grader. Geoarkeolog Per Storemyr syt for å halda temperaturen oppe.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Marmoren er synleg som kvite årer i fjellveggen i Mosterhamn på Bømlo i Sunnhordland.

Regionen var kalksentrum på Vestlandet i fleire hundre år frå mellomalderen.

Men midt på 1900-talet sa det stopp.

Kalkindustrien var død.

Men no skrik mellomalderkyrkjer i stein etter denne råvara.

Løysinga kan ligga midt i eit marmorbrot i Mosterhamn.

Marmor i Mosterhamn på Bømlo

MARMORÅRE: Mosterhamn og Sunnhordland forsynte store delar av Vestlandet med kalk i fleire hundre år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Nyleg blei ein tru kopi av ein omn frå mellomalder testa her. Den første av sitt slag på Vestlandet i nyare tid.

Kalkomn i Mosterhamn, Moster
Omnen held rundt 1200 grader, og må matast med ved heile tida.
Kalkbrenning i Mosterhamn
Oppå omnen ligg 13 tonn Moster-marmor som skal brennast dag og natt i 3-4 døgn.
Kalk frå kalkomnen i Mosterhamn, Moster
Resultatet er kalk laga på tradisjonell måte. Ei mangelvare i Noreg i dag.

Ein liknande omn blei sett opp på Helgøya i Ringsaker i fjor, men elles er kalk laga på denne måten ei mangelvare.

– Me treng slik kalk til å restaurera kyrkjene med. Utvalet i dag er for dårleg til å få gode resultat, seier geoarkeolog Per Storemyr.

Han jobbar i konsulentselskapet Fabrica, og har vore med på å bygga kalkomnen på Moster. Målet er at kalken skal brukast til restaurering av kyrkjer på heile Vestlandet.

Vedlikehaldsetterslep på rundt 1,5 milliardar

Dei 158 mellomalderkyrkjene i stein i Noreg blei bygde med tradisjonskalk for fleire hundre år sidan. I nyare tid har oppussing med blant anna ulike sementblandingar gitt skadar på fleire.

Feil bruk av materiale er ei av hovudårsakene til fuktproblem i kyrkjene i dag, seier spesialrådgivar Hanne Moltubakk Kampton i KA, Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder.

Dei siste fem åra har den generelle tilstanden til kyrkjene blitt dårlegare, viser ein tilstandsrapport KA kom med i fjor. Heile 45 prosent av kyrkjene melder om mindre bra eller dårleg tilstand på ytterveggane.

Multiconsult har anslått vedlikehaldsetterslepet på mellomalderkyrkjene i stein til 1,4 - 1,6 milliardar kroner basert på kyrkjekontrollen og tilstandsanalysar. Summen omfattar ikkje behov knytte til interiør og inventar, eller brannsikring.

Moster gamle kyrkje

KALK FRÅ 1500-TALET: Gamal kalk er framleis synleg på Moster gamle kyrkje.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Moster-kalken allereie i bruk

Eit steinkast frå kalkomnen i Mosterhamn, ligg Moster gamle kyrkje. Ei av dei eldste kyrkjene i landet, bygd for rundt 900 år sidan av kalk.

Og trass i at ho ligg midt i marmoråra i vest, er også den blitt pussa opp av andre materiale enn tradisjonskalk. For rundt 15 år sidan fekk den eine veggen ny fasade.

– Dette er eit fransk produkt. Det er jo litt spesielt. Her sit me midt i marmor-land. og så tek ein inn eit fransk produkt til å bruka på kyrkja, seier Per Stormyr.

Moster gamle kyrkje

FRANSK VEGG: Denne langsida av veggen på Moster gamle kyrkje blei pussa opp med eit fransk produkt for rundt 15 år sidan. – Det er hardt og hult, ifølgje Per Storemyr.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Om to år er det riksjubileum på Moster, for å markera at det er 1000 år sidan kristenretten blei innført i Noreg. Innan dess skal kyrkja restaurerast, blant anna med lokalprodusert kalk.

Men kalken frå Moster er allereie teken i bruk andre stader.

Hesby kyrkje i Stavanger
Dette er Hesby kyrkje på Finnøy i Stavanger. Ei mellomalderkyrkje, truleg bygd med kalk frå Moster på 1200-talet.
Skadar på Hesby kyrkje
Oppussing med sement har vore øydeleggande. Den er for tett og hard, og fukt fører til skadar.
Hesby kyrkje restaurert med kalk frå Moster
No blir fugene bygde opp igjen med kalk frå omnen i Mosterhamn. Den er lik kalken som blei brukt i mellomalderen

Lover milliardar til kyrkjene

– Det er kjempeviktig at me klarer å ta vare på desse kyrkjene, som betyr så mykje for mange, meiner trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Denne veka var ho på Moster.

Kjersti Toppe i Moster gamle kyrkje

FØRSTE BESØK: Statsråd Kjersti Toppe tok sjølv initiativ til å besøka Moster gamle kyrkje.

Foto: Olav Røli / NRK

Stortinget og regjeringa har slått fast at alle mellomalderkyrkjene skal vera i god stand til tusenårsmarkeringa for slaget på Stiklestad i 2030.

Det skal brukast fleire milliardar kroner til vedlikehald av kyrkjer i åra som kjem, og Riksantikvaren er i gang med eit bevaringsprogram.

– Det er ei stor utfordring på mange måtar. Vedlikehaldsetterslepet er stort. Det er også ei utfordring å få fagfolk og kompetanse til å gjera dette restaureringsarbeidet. Det er ein unik kompetanse som trengst, påpeikar Toppe.

– Målet er at me kan produsera god kalk til mellomalderkyrkjer på heile Vestlandet, seier dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter.

Nina Meldahl Olsen

KLARE MÅL: Nina Meldahl Olsen i Moster amfi håpar kyrkjer på heile Vestlandet får nyta godt av kalk frå Moster framover.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Les også Ropstad snur – 900 år gammal kyrkje får ja

Fortidsminneforeningen søkte om tilskot til å restaurere Moster gamle kyrkje til tusenårsjubileet. Så snudde departementet og sa at det berre gjeld for Den norske kyrkja.