Hopp til innhold

Tek imot over 150 cruiseskip, men vil ikkje måle luftkvaliteten

Lufta i Geiranger er framleis til tider helseskadeleg, viser ny rapport. I cruisehamna i Flåm har dei derimot ingen planar om å undersøkje luftkvaliteten.

Cruiseskip i Flåm

PÅ BESØK: Cruiseskipet Magellan fotografert i 2015. Den 23 april i år kjem skipet nok ein gong på besøk til Flåm.

Foto: Erling Oppheim

Lufta i Flåm og Geiranger er i periodar helsefarleg, slo ein rapport fast i mai i fjor. Men trass i at 157 cruiseskip, og eit stort tal turistbåtar, vil legge til kai i Flåm i år, vil ikkje hamnevesenet måle luftkvaliteten i området.

– Det kan eg nesten ikkje forstå. Det bør dei prioritere snarast råd, seier dagleg leiar Erling Oppheim i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er begge på UNESCO Verdsarvliste, altså mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Rapporten i fjor, var eit skot for baugen.

– Det er mange som har høgare forventningar til området vårt, enn det vi ser ut til å kunne levere, seier Oppheim.

Blårøyk og svevestøv

I Geiranger er måling av luftkvaliteten sett på dagsorden. At naboen i sør ikkje vil ha eigne luftmålingar, synest direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er merkeleg.

– Eg meiner det er kunnskap ein ikkje har råd til ikkje å skaffe seg.

Ho meiner luftmålingane gjev viktig kunnskap for å finne dei mest målretta tiltaka. Styreleiar i Aurland Hamn lener seg på utrekningane Sjøfartsdirektoratet gjorde i samband med rapporten.

– Eg har tillit til at Sjøfartsdirektoratet kjem med gode analysar, seier Noralv Distad.

– Er det kostnadane som gjer at de ikkje ønskjer å gjennomføre eigne luftmålingar?

– Nei. Viss det er behov for nye analysar så skal vi sjå på det. Det er ikkje nokon uvilje mot å få fakta på bordet.

I Geiranger har ein ny rapport nyleg slått fast at nivåa av svevestøv i periodar er så høge at dei er helseskadelege.

Kan ikkje love betring denne sesongen

– De er periodevis så høye at de vil kunne øke forverring av sykdom hos dem som har en eksisterende sykdom i luftveiene eller har en hjerte- og karlidelse ... Derfor bør det gjøres tiltak for å redusere luftforurensningen i dette området i turistsesongen, skriv fagdirektør Toril Attramadal i Folkehelseinstituttet i eit brev til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Katrin Blomvik

UTOLMODIG: – Vi kan ikkje vere fornøgd med innsatsen før luftkvalitsetsmålingane viser ei klar forbetring og blårøyken som pregar mange bilder er borte. seier direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Direktør Katrin Blomvik er slett ikkje fornøgd.

– Vi meiner dette er heilt uhaldbart. For kvart einaste år og sesong som går utan at vi klarar å rydde opp i dette, vert omdømme vårt skadelidande, seier Blomvik.

Direktøren meiner Stranda kommune ikkje har gjort alt dei kan for å få ned utsleppa.

– Det har ho nok heilt rett i. Meir kunne vore gjort, vedgår ordførar Jan Ove Tryggestad.

Det vert arbeidd med ny reguleringsplan for Geiranger, løysingar for å unngå trafikkorkar på land vert vurdert, men dette tek tid.

– Eg kan ikkje love at miljøfokuset har gitt dei store resultata, i alle fall ikkje for sesongen 2018. Men eg er rimeleg sikker på at vi klarar å gjennomføre tiltak i åra som kjem, seier ordføraren.

Folkehelseinstituttet skriv at for nitrogendioksid, svoveldioksid, karbonmonoksid og ozonnivå ligg nivået på målingane under luftkvalitetskriteria.

– Eg oppfattar ikkje at det er farleg å vere i Geiranger, seier Tryggestad.