Tek ikkje omkamp mot Helse Førde

At sjukehusaksjonen i Nordfjord ikkje ankar rettssaka Helse Førde, betyr ikkje at dei meiner slaget er tapt.

Jan Eide (f.v.), Svein Hansen, Roald Rindal og Marit Sørhaug.

Aksjonskomitéleiinga for Nordfjord sjukehus: Jan Eide (f.v.), Svein Hansen, Roald Rindal og Marit Sørhaug.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Sjukehusaksjonen har bestemt seg for å ikkje anke rettsavgjerda frå Bergen tingrett.

Aksjonen gjekk rettens veg for å få stogga nedlegginga ved Nordfjord sjukehus, men tapte . Forsøket kosta dei nær ein million kroner .

– Skulle vi gå vidare med saka, så ville dette kosta oss store summar. Det andre er at vi har fått råd frå juristane våre om å ikkje gå vidare. For det tredje har vi fått ei kjennelse som viser at helseføretaka er letta ut om norsk rettsvesen. Det er det politikarane sin jobb å rette på, seier leiaren i aksjonskomiteen, Svein Hansen, om kvifor dei ikkje ankar domen.

Vil til Volda

– Slaget er ikkje tapt, men det er tapt mot Førde. For der har det vore eit system som fungerer veldig dårleg overfor dei tilsette. Resultatet er at vi har mista ei oppegåande ortopediavdeling, som var den tredje beste i landet. Det Nordfjord har fått att, er ein skadeklinikk betjent av ein lege på døgnbasis, held Hansen fram.

No går dei sterkare inn for å gjere sjukehuset i Volda til lokalsjukehus for Nordfjord. På ein pressekonferanse på Eid måndag, sa leiaren at dei fullt ut stør kravet frå Helsefaggruppa i Nordfjord om akkurat det.

– Det er heilt naturleg. Og det er ut frå det vi kjenner til både for det som gjeld pasientbehandling og ikkje minst det som gjeld personalbehandling. Når vi viser til dette, så er det ikkje noko nytt, seier Hansen og viser til at ein allereie i 2005 orienterte helse- og sosialdirektoratet om dette.

Må la seg gjere

Aksjonsleiaren viser til at Bergen tingrett slår fast at det berre er Statsminister Jens Stoltenberg og helse- og sosialminister Anne-Grete Strøm-Erichsen som kan gripe inn i saka.

– Vil det ikkje bli ein tidkrevjande prosess å flytte til Helse Sunnmøre?

– Dei har no funne eit opplegg for fødeavdelinga, og når det gjeld liv og helse og knapp tid, så må det vere høve til å kunne nytte seg av Volda, seier aksjonsleiaren.

Vervekampanje

I ein ny vervingskampanje har aksjonen målsetjing om 10 000 betalande medlemer.

– Det er realistisk, seier han og viser til to aksjonsdagar i Eid og Strynd er dei på nokre timar fekk inn 650 nye medlemer.

– Eg trur at det som har skjedd gjer at vi aldri før har hatt sterkare tilslutning til aksjonen enn no, avsluttar han.