Hopp til innhold

Tek grep for å berge folkemusikken: – Tragisk om han forsvinn

FØRDE (NRK): Færre unge driv med folkemusikk. No skal dei vekke interessa ved å få tilsetje fleire folkemusikklærarar i kulturskulane.

Ine Kjøsnes Raad stemmer hardingfela

STEMMER FELA: Ine Kjøsnes Raad stemmer hardingfela før ho skal øve

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Det hadde vore beint fram tragisk om folkemusikken forsvann. Han har røter så langt tilbake, og ein kan høyre på måten folk spelar på kvar dei er ifrå, seier Ine Kjøsnes Raad.

Både ho og Gunhild Daling Korsøen har spelt hardingfele i åtte år, trass i at dei berre er 17 år gamle. Dei har funne kvarandre blant dei få unge som driv med folkemusikk i Førde og spelar mykje saman, oftast i kjellaren til Gunhild.

Ine Kjøsnes Raad og Gunhild Daling Korsøen øver på hardingfele

I KJELLAREN: Ine Kjøsnes Raad og Gunhild Daling Korsøen øver saman i kjellaren til Gunhild

Foto: Tonje Noreng Trøen

Jentene har tidlegare gått i lære hjå folkemusikkguru Sigmund Eikås. Sidan han byrja å spele på 50-talet har han sett store svingingar i interessa rundt folkemusikken.

– Ein periode var det bra, men no føler eg at det er færre ungar i området her som spelar, seier Sigmund Eikås (71) frå Jølster .

Fylkeskommunen tek grep

Trude Skarvatun, rektor ved Førde kulturskule, seier at det berre er fem av dei 350 elevane hennar som spelar eit folkemusikkinstrument, og dei har i dag har berre éin fylkesmusikar som kjem reisande frå Ålesund for å halde undervisning for dei fem elevane.

Trude Skarvatun, rektor for Førde Kulturskule er på kontoret

PÅ KULTURSKULEN: Trude Skarvatun er på kontoret sitt ved Førde Kulturskule

Foto: Tonje Noreng Trøen

Kulturskulane i landet har vorte kritiserte for å ikkje gjere nok for å engasjere dei unge i tradisjonsmusikken. No blir det teke grep, og fylkesmusikarane har vorte omorganiserte til distriktsmusikerstillingar. På denne måten kjem dei tettare på kulturskulane i kommunane og kan bidra med opplæring i instrumenta.

I distriktsmusikerordninga som har vore tufta på klassisk musikk er det no 25 prosent folkemusikk.

– Vi har fått til ei særs god ordning i Sogn og Fjordane, seier fylkesmusikkleiar Øyvind Lyslo.

Lyt byggje eit miljø

Skarvatun er glad for at Førde kulturskule har fått tildelt to av fem stillingar. Dermed får dei to folkemusikarar som i tillegg til å vere utøvande musikarar skal ha 50 prosent undervisning i kulturskulen.

– Det er noko vi trur skal skape eit miljø igjen og bidra veldig til auka interesse, seier Skarvatun.

Ho understrekar at dei nye tilsette også lyt vere pionerar som veit korleis dei skal engasjere.

Folkemusikar Sigrid Moldestad ynskjer også redde musikken ho elskar, og har dei to siste åra jobba for å skape ein møteplass for folkemusikk. Etter å ha overteke Pederhuset på Breim har ho brukt tid og pengar på å skape eit hus som skal inspirere til speleglede blant dei unge.

For 17-åringane har kulturskulen som læringsplattform vore avgjerande for at dei driv med folkemusikk. Dei er derfor veldig nøgde med tiltaket.

– Det er akkurat som med handball. Viss det ikkje er nokon som driv med det, er det vanskeleg å byrje. Om det er læringsmiljø og ressursar, blir det ofte utnytta, seier Ine.