Hopp til innhold

Tek brannen tungt

Tidlegare og noverande tilsette ved Selje Hotel tek nattas brann tungt.

Gunnar Sunde

MØTEPLASS: Gunnar Sunde seier at Selje Hotel har vore ein viktig samlingsplass.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er trasig og grusomt. Selje Hotel var arbeidsplassen min i 40 år, fram til for eit og eit halvt år sidan. Først var eg med å bygge hotellet, så vart eg vaktmeister. Eg har berre gode minner frå å jobbe på hotellet, seier Gunnar Sunde.

Sunde fekk vite om brannen klokka seks fredag morgon, då dottera ringde og fortalde han om den. Han trudde først ikkje på det, og var framleis bevega då NRK snakka med han rett ved sidan av ruinane han hadde som arbeidsplass i førti år.

– Ho ringde og sa at hotellet er nedbrent. Først trudde eg ikkje på det, så vart eg sjokka. Det sit nok framleis i.

Selje hotell har stått i full fyr fredag morgon. Slik såg det ut då Erik Hove var på staden for NRK.

SLIK: Slik såg det ut då store deler av Selje Hotel vart totalskadd i brann fredag morgon.

Samlingsplass

Selje Hotel har vore ein viktig samlingsplass sidan det vart bygd i 1975. Ekteparet Berge tok over drifta av hotellet året etter, og eigde det mellom 1983 og 2014. Sunde seier at hotellet har vore viktig.

– Selje treng eit hotell. Det har vore ein viktig samlingsplass ved gravferder, bryllaup og anna. I tillegg så treng Selje overnattingsplassar.

Nesten uverkeleg

Arvid Hamre

GODT Å SNAKKE: Resepsjonssjef, Arvid Hamre, synest det er godt å snakke med folk for å få bort tankane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Arvid Hamre er resepsjonssjef ved hotellet, men er permittert saman med dei andre tilsette medan hotellet er vinterstengt. Han tok beskjeden om brannen tungt.

– Det er frykteleg trist, eg tenker forferdeleg mykje på Gerd Kjellaug og Harald som har bygd opp hotellet og har det som sitt livsverk. Det er klart at det ikkje blir drift her til sommaren, og eg har ikkje klart å tenke framover. Det er nesten uverkeleg.

Hotellet har vore Selje si storstove fortel Hamre. Han har god tru på at hotellet vil bli bygd opp att.

– Ja, det trur eg. Vi må ha hotell i Selje, og dette er trist for heile bygda. Siste tida har det vore nok negative ting som har skjedd i Selje, så dette trengde vi verkeleg ikkje.

Hamre vart vekt tidleg av melding om brannen og var nede ved branntomta i morgontimane. Han fortel at det å vere med andre er godt.

– Eg hadde neppe klart å sove om eg prøvde på det, så det blir å vere i lag med andre, det er godt å prate og slik få tankane litt bort.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK