I fjor måtte det tradisjonsrike Rypeskarrennet, saman med mange andre renn, avlysast på grunn av snømangel. Men i år var det både nok snø og strålande vêr på Utvikfjellet.
Gøran Tefre (Førde Ski) var suveren i konkurranseklassen, med tida 53.16 på dei 23 kilometrane. Han slo nummer to Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) med tre minutt og nummer tre, Odd Bjørn Hjelmeset (Fjellhug/Vereide), med over fem minutt.
– Eg er kjempenøgd. Det er seint på sesongen, og du veit aldri korleis forma er. Det er ikkje meir enn 6 dagar sidan femmila i NM og i går vann eg eit tøft løp i Jølster, seier Tefre.
– Ingenting eg likar betre enn skirenn
VINNARANE: Gøran Tefre og Karoline Erdal.
Foto: Dagfinn NyhammerFor med både NM og Skogahogen Opp i beina var det ein litt usikker Tefre som gjekk ut frå start.
– Eg gjekk ut i greitt tempo. Kroppen responderte greitt, og då var det berre å gå jamt og hardt, slik eg likar og har trent for, seier Tefre.
Han fekk luke allereie etter 6–7 kilometer, og såg seg aldri tilbake. Til dagleg har han Norgescupen og Skandinavisk Cup som arena, og det langsiktige målet er verdscupen. Men å gå eit lokalt skirenn med 50 deltakarar er ingen nedtur for 20-åringen.
– Det er ingenting eg likar betre enn å gå skirenn. Det kjekkaste eg veit er å vinne skirenn, uansett kva storleik det er på rennet. Dette er ein god moglegheit til å gå skirenn og kose seg, og er god trening på slutten av sesongen.
No står berre Skarverennet att for Tefre, før oppkøyringa til neste sesong startar. Karoline Erdal frå Førde vann konkurranseklassen for kvinnene.
UTVIKFJELLET: Mykje plass å boltre seg på for skientusiastane.
Foto: Dagfinn NyhammerEin flott tur for 500 turgåarar
Arrangementssjef Astrid Fjellestad Hauge er, som Gøran Tefre, strålande nøgd med gjennomføringa.
– Det var heilt vindstille og sol. Rennet går i både stygt og fint vêr, men det blir mykje betre stemning og større deltaking med fint ver.
Rundt 500 påmelde og 54 i konkurranseklassen kunne nyte ein flott dag på Utvikfjellet. Med slik deltaking går det rundt økonomisk for arrangørane, men skal ein tru Fjellestad Hauge er ikkje det så viktig i dag.
– Dette handlar om langt meir enn pengar. Dette er eit svært tradisjonsrikt renn. To personar har gått alle utgåvene, og fem passerte 30 gonger. Vi set veldig pris på det, seier ho.
KLAR FOR LANGTUR: Ellen Skipenes frå Breim klar til 23 kilometer i turklassen i Rypeskarrennet 2015.
Foto: Dagfinn Nyhammer