Hopp til innhold

Teaterfestivalen i Fjaler: Havet – matfat og søppeldynge

FJALER (NRK): I ein mikroskopisk fiskarlandsby i Kamerun har også det lokale fisket vorte mikroskopisk. Store, europeiske fiskebåtar ligg i horisonten og sopar havet reint.

Teater Albatross med Robert Jacobsson og Lisa Eliasson fenger barn og vaksne med skildringa av liv o

FENGANDE: Teater Albatross med Robert Jacobsson og Lisa Eliasson fenger barn og vaksne med skildringa av liv og død i og ved havet.

Foto: Marit Bendz / NRK

Havskilpadda reiser ut i den store verda for å sjekke tilstanden andre stader, og det ho finn er ikkje særleg oppløftande. Dette er ramma kring eit av fleire teaterstykke for ungar på Teaterfestivalen i Fjaler denne helga. Havet er tema, og meir aktuelt vert det ikkje i september 2015. Det er i og på havet alt det viktige skjer.

Svenske Teater Albatross tek publikum med på ei sanseoppleving som både skremmer og fascinerer. Vi er i havet med alle dei fargerike og fantastiske skapnadene som enn så lenge finst der nede. Men det er meir der. Det flyt av søppel, det flyt av plast som ei stakkars skjelpadde kan døy av dersom ho trur det er ein velsmakande manet.

«Flickan och havskildpaddan» vart til på oppdrag frå ein av fiskarane i den vesle afrikanske landsbyen. Lisa Eliasson og Robert Jakobsson fortel først gjennom ein film, delvis animert, korleis det heile starta, om livet i landsbyen og fiskarane som stadig kjem heim med tomme garn.

– De må reise attende til Europa og be dei stoppe dei store fiskebåtane, ber han. Og det gjer dei, mellom anna i Dale, der ein full teatersal tok bodskapen innover seg.

Ein brennmanet vert ein ven i «Flickan og havskildpaddan»

VENER: Ein brennmanet vert ein ven i «Flickan og havskildpaddan»

Foto: Marit Bendz / NRK

Ei bøn til FN

Jenta Mala og havskjelpadda er fødd i same natt, og opplever endringane frå kvart sitt element – over og under vatn. Vi høyer den svære trålaren kome, vi ser skuggen over oss og kan mest kjenne på kroppen korleis det vert opplevd der nede i djupet. Finst det håp? Den einsame kvalen, som ikkje finn att venene sine på grunn av all støyen, har høyrd om FN. Det er der menneska avgjer kva som skal skje med hava, meiner han. Dermed reiser dei to venene over havet og held ein flammande tale for FN. For oss som sit i salen. For FN, det er alle menneska i verda, ikkje sant? Så er det berre å håpe.

Eliasson og Jacobssen snakkar direkte til publikum, i et språk som både fireåringar og førtiåringar forstår. Dei tek opp store globale problem, som krev samtalar i etterkant med dei som aldri har høyrd om Blekkulf.

Forteljinga er både enkel og eksotisk, fargerik og fortetta. Bodskapen er krystallklar, og no veit mange ungar i Sunnfjord av sopar betyr skrot. Eg trur heller ikkje at dei hiv frå seg plast i naturen med det første.

Medan rike Vesten tømmer havet for fisk, får det desperate flyktningar frå Aust og Sør i retur.

Tone Avenstroup

NAURU: Tone Avenstroup sit i vindauga. Kombinasjonen med svart-kvitt forhøyr av HA gjer «Nauru» til eit interessant førelesing om ein øystat som vil forsvinne i havet og ein umenneskeleg flyktningpolitikk.

Foto: Marit Bendz / NRK

Dokumentarteater

I «Nauru» av og med Tone Avenstroup og Robert Lippok er fargane borte og lydbiletet monotont. Dette er ein type dokumentarteater, som fortel om lagnaden til den vesle øystaten Nauru. Den har ei einaste inntektskjelde; internering av flyktningane Australia ikkje vil ta i land. Historia til ein av flyktningane, HA, vert skildra gjennom forhøyr, mistru og latterleggjering.

Heltedåden til den norske båten Tampa, som redda hundrevis av flyktningar utanfor Australia for snart 15 år sida, får ein bitter ettersmak når ein får vite kva som skjedde med menneska mannskapet berga; internering i opptil fem år i det som ein gong var eit paradis, no eit mareritt i ferd med å forsvinne i havet.

Den monotone røysta til Tone Avenstroup fekk enkelte av tilhøyrarane til å sovne. Det kan vere eit grep for å forsterke den vonlause situasjonen til HA, men eg skulle ynskje meg meir innleving i historiene og meir kreativ bruk av kulissane. Dei fantastiske historiene om eit tapt paradis og tusenvis av fortapte sjeler fortener fleire fargar.