Hopp til innhold

Krise i Taxi-Noreg: Her får du ikkje tak i drosje etter klokka 15

Små stader står i fare for å mista taxi-tilbodet. – Det er så vidt det går rundt, seier den kanskje siste taxisjåføren i Fitjar kommune, Knut Ståle Alsaker.

VANSKELEG: Sidan 2016 har Knut Ståle Alsaker drive taxi i kommunen Fitjar i Vestland. Men no, etter drosjereforma, har kvardagen vorte vanskelegare og vanskelegare.

VANSKELEG: Sidan 2016 har Knut Ståle Alsaker drive taxi i kommunen Fitjar i Vestland. Etter drosjereforma har kvardagen vorte vanskelegare og vanskelegare.

Foto: Olav Røli

– Eg vil jo gjerne gje eit godt tilbod, men er nøydd til å sjå på lommeboka, seier Knut Ståle Alsaker som driv eit taxiselskap i Fitjar kommune i Vestland.

Det siste halvanna året har dårlege nyheiter stått i kø for selskapet. Først kom koronapandemien. Deretter kom drosjereforma til Solberg-regjeringa, som førte til at Alsaker ikkje lenger hadde monopol på køyring i kommunen. Alt dette har redusert omsetnaden frå 6 millionar til nærmare éin.

– No har me to bilar og to tilsette. Men det er så vidt det går rundt, seier han.

Saka er tidlegare omtalt i både Sunnhordland og Fitjarposten.

Langt til taxi

Drosjereforma til Solberg-regjeringa skulle sikra betre konkurranse, og eit godt drosjetilbod i heile landet.

I staden sit mange små stader, som Fitjar, igjen med eit redusert tilbod. No er taxi berre tilgjengeleg klokka 6 til 15 måndag til fredag. Elles er nærmaste taxi tre mil unna.

– Før den nye drosjereforma var drivarane på små stader nøydde til å halda oppe eit tilbod, både kveldar og helgar. No er det større konkurranse, og det er mange mindre stader som tapar, seier seniorrådgjevar Einar Årdalsbakke i Vestland fylkeskommune.

Reduserte opningstider

For å motverka dette kunne fylkeskommunane gje ut einerettar for drosjekøyring i mindre kommunar, med under 20.000 innbyggjarar. Men førebels er det ingen kommunar i Vestland der dette er teke i bruk.

– Det kan vera tøft økonomisk å driva drosje på mindre stader. Du er heilt avhengig av å ha både skuleskyss og pasienttransport for å få det til å gå rundt, seier Årdalsbakke.

På Fitjar tel drosjesjåføren på knappane kor lenge han skal halda på.

– Med måtehald skal vi klara å få det til å gå rundt. Men vi startar å tenkja på alternativ for framtida, seier Alsaker.

NESTEN IKKJE OMSETNAD: På får år er omsetnaden i Fitjar Taxi redusert frå omlag seks millionar og ned til èin. Det gjer det vanskeleg å ha mange bilar i drift.

NESTEN IKKJE OMSETNAD: På får år er omsetnaden i Fitjar Taxi redusert frå om lag 6 millionar og ned til éin. Det gjer det vanskeleg å ha mange bilar i drift.

Foto: Olav Røli

Drosje på dagtid

Situasjonen på Fitjar er ikkje unik. Dei deler lagnad med mange andre mindre kommunar.

– På mange små stader er det berre drosje på dagtid. Drosjer er eit bindeledd i kommunane, og er ikkje minst viktig for eldre. Utan drosje kan vi risikera at folk tek bilen sjølv på tidspunkt der dei slett ikkje skulle køyrt, seier forbundsleiar for Noregs Taxiforbund Hordaland, Tor Anders Hauge.

I Hyllestad kommune i Vestland har dei stått utan taxitilbod i fleire månader.

– Vi kan ikkje skulda på reforma for akkurat dette. Men skal det vera liv laga for drosjer i distrikta må dei ha stabile inntektskjelder, som til dømes pasienttransport til og frå sjukehuset, seier ordførar i kommunen, Kjell Eide (Ap).

Nye drosjeregler har gitt sjåførkrise i distriktet

Styreleiar i Noregs Taxiforbund, Øystein Trevland, stadfester det same. Mange små kommunar, over heile Noreg, risikerar det same som Fitjar og Hyllestad.

Øystein Trevland

SLIT: Fleire mindre kommunar står snart utan taxi-tilbod, seier Øystein Trevland i Noregs Taxiforbund.

Foto: Norges Taxiforbund

Marknaden styrar ikkje på bygda

Også i det gamle Sogn og Fjordane fryktar dei for framtida for dei som køyrer drosje.

– Den største uroa er at ein ikkje klarar å rekruttera sjåførar, seier leiar John-Terje Hamre, leiar i Noregs Taxiforbund avdeling Sogn og Fjordane.

Ordførar Harald Rydland (KrF) på Fitjar meiner dårlegare drosjetilbod både vil råka eldre, men også dei som ynskjer å flytta seg nokre kilometer i kommunen etter festlege lag.

– Ein må leggja til rette for at folk skal kunne bu i heile Noreg. Marknaden vil ikkje regulera drosjetilbodet på bygda på same måte som i byane, seier han.

Skal reversera reforma

Han er no spent på kva Støre-regjeringa vil gjera. Dei har nemleg bestemt seg for å reversera drosjereforma.

Statssekretær Mette Gundersen (Ap) i Samferdsledepartementet skriv i ein e-post til NRK at arbeidet er i gang.

– Eventuelle endringar vil krevja endringar i forskrifter og lovar. Dette skjer etter fastlagde prosessar, og det er vanskeleg å veta akkurat når det vil vera klart, skriv ho.