Hopp til innhold

Taxi krasja inn i politibil

Ei kvinne som var passasjer i taxien blei alvorleg skadd i ulukka.

Taxi køyrde inn i politibil

PÅKØYRD BAKFRÅ: Ein politibil som stod stille blei påkøyrd bakfrå av ein taxi på Puddefjordsbrua i Bergen.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Ein patruljebil frå politiet var ute på eit oppdrag på Puddefjordsbrua i Bergen i 01.30-tida natt til laurdag. Medan politibilen stod parkert i det høgre køyrefeltet i vestgåande løp blei den påkøyrt bakfrå av ein taxi.

I taxien sat ein sjåfør og ein kvinneleg passasjer. Den 48 år gamle kvinna som var passasjer i taxien blei alvorleg skadd i ulukka, og blei i natt sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Sjåføren blei køyrd til legevakta for sjekk, og han kunne reisa heim igjen etter ei undersøking der.

Dei tre politibetjentane som var ute på eit oppdrag på Puddefjordsbrua var ute av bilen då påkøyrselen skjedde. Ingen av dei kom til skade då bilen deira blei påkøyrd.

Spesialeininga for politisaker varsla

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Taxisjåføren sitt førarkort er tatt i beslag og det er gjort åstadsarbeid på staden. Saka blir etterforska vidare i dag, opplyser operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Spesialeininga for politisaker er varsla om hendinga.

Taxi køyrde inn i politibil

IKKJE BLÅLYS PÅ: Politibilen som blei påkøyrd hadde ikkje blålys på då ulukka skjedde.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Det er rutinemessig, når ei politipatrulje er involvert blir spesialeininga varsla for å undersøka om politiet kan ha gjort noko klanderverdig, seier politijurist Tore Sørland i Hordaland politidistrikt.

– Var det uansvarleg av politiet å stå stille?

– Bilen stod stille på grunn av at dei heldt på med eit oppdrag på brua, så det var ein grunn til at dei hadde stoppa. Det er spesialeininga si rolle å vurdera handteringa av det oppdraget, seier Sørland.

Veit ikkje om farten var høg

Blålysa på politibilen var ikkje på medan den stod stille.

– På grunn av det oppdraget gjekk ut på var ikkje blålysa på, men dei hadde prøvd å stansa slik at bilen skulle vera synleg for anna trafikk, seier Tore Sørland.

Taxisjåføren vil i dag bli avhøyrt. Gjennom dette avhøyret og undersøkingar på ulukkesstaden håpar politiet å få vita meir om farten taxien hadde då kollisjonen skjedde.

Haukeland universitetssjukehus opplyser laurdag morgon klokka 07.30 at den 48 år gamle kvinna er alvorleg skadd.