Hopp til innhold

Tatt med eit halvt kilo hasj i magen

To spanske menn vart i november tatt med store mengder kokain i bagasjen på Bergen lufthamn Flesland. I tillegg hadde dei eit halvt kilo hasj i magen.

Kokainfunn på Flesland

STORT FUNN: Heile 258 gram kokain og eit halvt kilo hasj vart funne då ein narkotikahund markerte på to menn på Bergen lufthamn Flesland i november.

Foto: Tollvesenet

Dei to mennene som er i byrjinga av 20-åra kom frå Malaga den 5. november, og kunne ikkje forklare seg då ein narkotikahund markerte bagasjen deira, skriv tollvesenet i ei pressemelding.

Eit søk gjennom handbagasjen og ein felles trillekoffert dei to mennene hadde, førte til at tollarane fann ei pakke med kvitt pulver i trillekofferten.

Pakka vog 258 gram og mistenkjast å innehalde kokain.

Sendt til CT-skanning

Tollarane hadde også mistanke om at dei to mennene smugla narkotika innvendig, og mennene nekta på dette.

Etter kvart innrømma den eine mannen å ha svelgt 45 til 48 kuler med hasj.

Då vart det vart tatt CT-skanning av dei to på Haukeland sjukehus, og det kom fram at den eine hadde til saman eit halvt kilo hasj i magen.

Dei to mennene er sikta for grov narkotikaforbryting.