Hopp til innhold

Tarjei skaut økonomisk blink

Tarjei Bø hadde stor sportsleg suksess i sesongen 2010/2011, og det viser att i skattetala for 2011.

Tarjei Bø
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Skiskyttaren frå Stryn tente nesten 2,3 millionar kroner, og han står bokført med ein formue på om lag same summen. Det resulterte i 885.726 kroner i skatt til heimkommunen Stryn, fylkeskommunen og Staten.

I sesongen 2010/2011 tok Tarjei Bø tre gullmedaljar og to bronsemedaljar i VM, han vann verdscupen samanlagt, og han vann sprintcupen og jaktstartcupen. For alt dette vanka det ein god del premiepengar.

I tillegg vart skiskyttaren eit ettertrakta sponsorobjekt.

Som vi veit vart ikkje sesongen 2011/2012 like vellukkka sportsleg for Bø, og skattetala om eitt år vil truleg vise at han ikkje tente like mykje i 2012.

Fotballspelaren Azar Karadas hadde ei inntekt i 2011 på nesten 2,7 millionar kroner. Han står oppført med null i skatt, det heng saman med at han oppheldt seg i utlandet.

Ikkje spesielt feitt

Ser vi bort frå Karadas og Bø er det ikkje spesielt feitt for sportsprofilane frå Sogn og Fjordane.

Dei to fotballspelarane frå Vågsøy, Børre Steenslid og Peter Orry Larsen, tente begge rundt millionen. Sogndal-veteranen Eirik Bakke hadde ei skattbar inntekt på over ein million.

For vinteridrettsutøvarane, med unnatak for Tarjei Bø, er det bortimot sveltihel.

Dette tener idrettsprofilane våre:

Namn

Idrett

Fødd

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Alexander Ødegaard

Fotballspelar

1980

32714

0

14352

Stavanger

Azar Karadas

Fotballspelar

1981

2672036

0

0

Bergen

Børre Steenslid

Fotballspelar

1985

1107990

0

482234

Stavanger

Even Hovland

Fotballspelar

1989

550179

415384

209096

Høyanger

Peter Orry Larsen

Fotballspelar

1989

941800

0

405341

Ålesund

Yngve Hallén

Fotballpresident

1968

776995

0

320654

Sogndal

Tarjei Bø

Skiskyttar

1988

2279071

2314321

885726

Stryn

Roar Hjelmeset

Landslagstrenar langrenn

1977

382844

0

134231

Lillehammer

Ann Kristin Aafedt Flatland

Skiskyttar

1982

231691

881553

54611

Gjesdal

Håvard Flo

Fotballtrenar

1970

455422

0

154529

Sogndal

Elise Hove Thorsnes

Fotballspelar

1988

157643

0

48468

Leikanger

Anders Fannemel

Skihoppar

1991

0

0

68

Hornindal

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Friidrettsutøvar

1991

738

17681

0

Flora

Roger Aa Djupvik

Langrennsløpar

1981

10287

0

2428

Lillehammer

Ronny André Hafsås

Langrennsløpar

1985

6098

110599

0

Trondheim

Egil B. Mundal

Dagleg leiar Sogndal Fotball

1980

482482

516376

184891

Lærdal

Eirik Bakke

Fotballspelar

1977

1229212

12265051

645810

Bergen

Nils Kenneth Udjus

Fotballspelar

1983

547951

0

221902

Bergen

Per Egil Flo

Fotballspelar

1989

295857

94748

103738

Stryn

Ørjan Hopen

Fotballspelar

1992

185952

0

60426

Sogndal

Ekspander/minimer faktaboks