Hopp til innhold

Tarjei Bø på elitelandslaget

Tarjei Bø vert ein del av verdas beste skiskyttarlandslag.

Tarjei Bø
Foto: Olav Brendehaug

Stortalentet frå Stryn fekk i dag den overraskande gladmeldinga om at han er utteken til elitelandslaget i skiskyting. Der vert han ein av seks løparar. Ronny Hafsås frå Stårheim vert ein del av rekruttlandslaget i eitt år til. Ann Kristin Flatland frå Vik held fram på elitelandslaget også neste sesong.

På lag med dei aller beste

Stryningen vert til neste år på lag med Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Alexander Os, Halvard Hanevold og Rune Brattsveen. Lars Berger ynskjer å gå på rekruttlandslaget til neste år, det har opna døra for Tarjei Bø.

- Tarje Bø har eit stort potensiale, og når vi valde å ha Lars Berger på rekrutt så vart det ein plass ledig, seier idrettsjef Per Arne Botnan i Skiskyttarforbundet.

- Bø er veldig moden både i fysisk utvikling og i tankegangen kring trening. Han har vist ei bra utvikling frå han kom i gang med treninga i år. Han har kvalitetar som er på nivå med det Hegle Svendsen og Bjørndalen hadde som juniorar. Det var positivt for desse å kome inn på elitelandslaget tidleg, det håpar vi det vert for Bø også.

Hafsås på rekrutt

Ronny Hafsås som har prestert ei rekkje gode resultat i verdscupen i år, men som har vore svært ustabil på standplass, vert også til neste år på rekruttlandslaget.

- Ronny har hatt ei svært fin utvikling på rekruttlaget, og vi ynskjer at han skal halde fram samarbeidet med trenaren Egil Gjelland. Dei køyrer tilnærma likt opplegg som elitelaget, men både Berger og Hafsås har bruk for ei anna oppfølging når det gjeld skyting. Både Berger og Hafsås er likt prioritert som elitelandslaget i høve til førebuingane til OL i Vancouver neste sesong, dei har også like gode moglegheiter til å verte med.

Bø på rekruttløn

Lars Berger var i utgangspunkter klar for elitelaget men ville altså sjølv trene med rekruttlaget for å få tettare oppfølging. Dette gjer at Berger får økonomiske vilkår som om han skulle vere på elitelaget, medan Bø får løn som rekruttlandslagsutøvar.