– Tarjei Bø er i trening igjen. Han har fått trent godt og er i framgang. Ting har begynt å fungere for ham, seier landslagstrenar Egil Kristiansen til NTB.
- Les også:
Men med tanke på VM-start må Bø ha minst ein konkurranse i kroppen. Det er moglegheiter både i noregscupen i Holmenkollen til helga og eit IBU-cuprenn i Brezno i Slovakia 3. februar.
- Les også:
- Les også:
Under førre VM i Holmenkollen tok Tarjei Bø både sølv og gull. VM denne sesongen går frå 8.–19. februar i Hochfilzen i Austerrike.
Problem med luftvegane
Bø har tidlegare synt at han kan vere ein mann å rekne med, sjølv om han har slite med sjukdom. Under VM i 2012 vart han utslått av det som synte seg å vere TWAR-viruset.Den gongen avslutta han meisterskapen med å ta gull på fellestarten på siste konkurransedag.
Det enda med tilbakefall og Bø måtte stå over verdscup i tyske Oberhof.
Send heim frå Oberhof
Også veslebror Johannes Thingnes Bø har slite med sjukdom denne sesongen. Thingnes Bø opplevde å verte sendt heim frå Oberhof med feber.
Då ein friskmeld Thingnes Bø ikkje fekk gå stafett i Rupholding,
– Det er eit knallhardt regime, Thingnes Bø til NRK den gong.
Men medan Johannes raskt var tilbake i sporet etter sjukdomsavbrekket, har det tatt lenger tid for Tarjei.
– Han har det ikkje så bra, sa ein alvorleg Thingnes Bø til NRK tidlegare denne månaden.