Hopp til innhold

Tårene rann for etterlengta opprykk

FØRDEHUSET (NRK): Lagkaptein Maria Ullebust Oppedal og lagvenninnene på Førde greidde ikkje halde tårene tilbake då opprykket til 1. divisjon i handball var sikra søndag.

Maria Ullebust Oppedal

TÅRENE RANN: Lagkaptein Maria Ullebust Oppedal lova at opprykket skal feirast.

Foto: Thomar Brakstad / NRK

– Då folk på tribunane reiste seg på slutten av kampen og klappa for oss gjekk det opp for meg kva vi hadde gjort, og då kom tårene. Dette er så fortent, dette er noko vi har jobba så hardt for lenge, sa kapteinen medan ho tørka tårene.

Det var venta at Førde skulle slå Skrim klart, og dei to poenga som skulle til for å sikre opprykket var i lomma på Førde-damene alt ved pause. Då stod det 24–11 på lystavla. Andre omgang vart meir som ein transportetappe. Til slutt vart det 38–23.

– Var veldig tent

Jeanette Øksenberg

GRATULERT AV FAMILIEN: Dagens Førde-spelar, Jeanette Øksenberg, møtte familien etter at opprykket var klart.

Foto: Thomar Brakstad / NRK

Ei som verkeleg hadde dagen var Jeanette Øksenberg. Dale-jenta sette inn ti mål i første omgang og enda til slutt på 13 scoringar og vart kåra til dagens Førde-spelar.

– Eg var veldig tent. Då eg vakna i dag tidleg kjende eg at i dag er dagen. Eg kjende på meg at vi har hatt ei god treningsveke. Eg har greidd å prestere på treningane.

– I dag tenkte eg at i dag skal eg verkeleg «gunne» på og vise at vi er eit lag. Eg er kjempestolt av heile gjengen i dag.

Førde vann 38-23 ove rSkrim og rykker opp i 1. divisjon i handball.

JUBELEN I TAKET: Førde-damene jublar for opprykket til 1. divisjon. Foto: Thomas Brakstad.

– Herleg

Ho vedgår at konsentrasjonen ikkje var heilt på topp i andre omgang, sidan resultatet var gitt.

– Ja, det var det. Men sjølv om vi leia så mykje til pause, var det herleg å vise at vi tek det heile vegen ut, seier Jeanette Øksenberg, som har store vanskar med å halde tårene tilbake.

– Eg kjende det eigentleg allereie i første omgang. No dei siste 15 sekundane greidde eg ikkje å halde igjen lenger. Dette har eg venta på så lenge.

Kjerstin Boge Solås og Kristinn Gudmundsson

KJEND MEDALJEUTDELAR: Landslagsspelar Kjerstin Boge Solås delte ut medaljar, her til trenar Kristinn Gudmundsson.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

No har altså handballdamene greidd det dei ikkje greidde i 2014. Då tapte dei kvalifiseringskampane mot Fjellhammer med eitt mål til saman.

Trenar Kristinn Gudmundsson var tilsynelatande roleg og fatta etter at sluttsignalet gjekk, men han vedgår at også han var rørt over at opprykket var sikra.

Førde Handball opprykk 2017

BLOMSTER OG MEDALJAR: Spelarane og støtteapparatet til Førde Handball etter at opprykket var eit faktum.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Sjølv om vi normalt sett skal vinne over Skrim så skal det gjerast, og i dag var det liten tvil. No må vi til å tenke på neste sesong, korleis vi skal førebu oss på den.

Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen meiner laget har nivået innan rekkevidde.

– Vi spelte mellom anna jamt med 1. divisjonslaget Fana i cupkampen i haust, men vi får sjå om vi skal gjere noko for å forsterke laget litt.

Fyllingen Bergen viste klasse

Det var to handballgodbitar i Førdehuset søndag. Etter opprykkskampen til Førde møttest Fyllingen Bergen og Lillestrøm til eliteseriekamp for menn. Det var ein jamn kamp heilt til det var spelt fem minutt av andre omgang.

Resten av kampen var det klasseskilnad. Etter 17-15 til Fyllingen Bergen ved pause enda det med 40-24 til bergensarane.

Fyllingen Bergen-Lillestrøm i Førdehuset

ELITESERIEKAMP: Fyllingen Bergen (gule overdelar) og Lillestrøm hadde lagt seriekampen sin til Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK