Hopp til innhold

Seks menn tiltalt for tjuveri av kinesisk kunst

I dag tok politiet i Hordaland ut tiltale i saka der 25 uerstattelige kunstgjenstandar blei tatt frå Kinasamlinga i Bergen. No håpar dei kunstskatten kan koma til rette igjen.

Tyveri fra kinasamlingen

HER BRYT DEI SEG INN: ein av tjuvane fanga opp på overvakingskamera medan han forsyner seg av kunstskattane. Sjølv om fleire personar no er tiltalt i saka, fryktar både politiet og KODE at sjølve kunstverka er borte for alltid.

Foto: Politiet

Seks menn som alle er i slutten på 20-åra eller starten på 30-åra er tiltalte for grovt tjuveri og grovt skadeverk som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe.

– Me meiner det er bevismessig grunnlag for å tiltala alle seks for saman å ha vore med på å begå dette kunsttjuveriet frå denne Kinasamlinga, seier Rudolf Christoffersen, statsadvokat i Hordaland, til NRK.

Ifølgje tiltalten er det to av mennene, begge i starten på 30-åra, som skal ha brote seg inn hos Vestlandske kunstindustrimuseum og stole unike kinesiske kunstgjenstandar til ei samla verdi av minst 2,5 millionar kroner.

Statsadvokat Rudolf Christoffersen

ORGANISERT: Politiet og statsadvokat Rudolf Christoffersen meiner innbrotet har skjedd som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe.

Foto: Lucian Muntean / NRK

Desse to skal også ha gitt dei andre fire instruks om å avleia politiet si merksemd ved å setta bilar i brann.

– Personane har hatt ulike roller i høve tjuveriet. Nokre har vore inne og tatt sjølve gjenstandane. Andre har hatt ansvar for brenning av bilar både ved sjølve gjennomføringa av tjuveriet for å distrahera politiet, og brenning av bilar etterpå for å sletta bevis, fortel Christoffersen.

Strafferamme på elleve år

– I denne saka er det tatt ut tiltale for at dette tjuveriet er skjedd som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe. Då blir strafferamma fem år høgare, slik at strafferamma i denne konkrete saka då blir elleve år.

Politiet og statsadvokaten omtaler innbrotet og tjuverit som profesjonelt utført, men dei vil ikkje seia noko om kva miljø dei tiltalte tilhøyrer, eller kva dei har fortalt i avhøyr.

– Kor mykje har mennene erkjent?

– Dei har i stor grad erkjent sine ulike roller, i den forstand at dei som har vore inne og borttatt gjenstandane har erkjent det, og dei som har brunne bilane har erkjent å ha delteke i høve brenning av bilane, men dei har ikkje erkjent noko utover det dei sjølve har gjort. Ingen av dei tiltalte erkjenner å tilhøyra noko organisert kriminell gruppe, seier Rudolf Christoffersen.

– I regi av ei organisert kriminell gruppe

Dei fire mennene som skal ha stått bak påtenning av bilar har gjennom advokatane sine hevda at dei ikkje visste kvifor dei blei bedne om å gjera det, det trur ikkje politiet på.

– Me har tatt ut tiltale på at dei har medverka til tjuveriet og det er fordi me ikkje fann den forklaringa truverdig. Etter vår oppfatning har dei vore fullt innforstått med kva dei har vore med på.

Tjuveriet blir rekna som grovt fordi det har skjedd ved innbrot og at det gjeld ein betydeleg verdi. Fire av mennene er også tiltalte for å på ny begå ei straffbar handling av same art som dei tidlegare er dømde for.

– I denne saka har ein tatt ut tiltale for at dette tjuveriet har skjedd i regi av verksemda til ei organisert kriminell gruppe. Det har me gjort fordi me har funne bevismessig dekning for at dei har samhandla i høve dette tjuveriet, det er nytta stolne bilar i forkant av sjølve tjuveriet, og tjuveriet er gjennomført med høg grad av profesjonalitet, seier statsadvokaten.

To personar har innrømd innbrotet

Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen

INNBROT: Natt til 5. januar var det innbrot hos Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

To personar har vedgått å stå bak innbrotet. Begge sit no varetektsfengsla i Oslo. Ein av dei to, ein 31 år gamal mann, la korta på bordet om innbrotet etter å ha site vartektsfengsla i fleire månader.

Mannen har forklart at han var med på innbrotet og deretter tok kunstverka med til Oslo. Kven som bestilte tjuveriet, eller kvar gjenstnandane no er, har han så langt ikkje sagt noko om.

Politiet har tidlegare uttalt til NRK.no at dei trur det omfattande og tilsynelatande profesjonelle innbrotet er gjort på bestilling frå utlandet.

Kan vere tapt for alltid

De stjålne gjenstandene fra Kinasamlingen

STOLNE: Dette er nokre av gjenstande som blei stolne.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

I juni gjekk politiet ut og bad publikum om nye tips i saka. Dei er usikre på om dei uvurderlige kunstgjenstandane framleis er i Noreg, men håpar at nye vitner skal hjelpe dei i jakta på kunstskattane.

Kinasamlinga til KODE er ei av dei mest verdifulle og spesielle i Noreg.

Tente på bilar som avleiing

Like før innbrotet skjedde natt til 5.januar i år, byrja det å brenne i to bilar. Tre personar innrømte i vår å stå bak bilbrannane, som politiet trur blei gjort for å distrahere dei frå det utspekulerte kuppet.

Ingen av dei tre vil vedkjenna seg å ha noko med det alvorlege kunstinnbrotet å gjera.

Totalt er altså seks personar tiltalte i saka, politiet meiner to av dei har gjennomført sjølve innbrotet og at fire har starta bilbrannane. Ein sjuande person var òg arrestert, men blei slept fri like etter.

Les òg:

Flytter kunsten til hemmelig sted | Sjekkar irsk bande opp mot Kina-tjuveriet | – De framstår mer som B-gjengen enn mestertyver | Krever svar etter kunsttyveri