Tar bosskøyringa sjølve

Sunnfjord Miljøverk og Transferd skal ta seg av avfallskøyringa lokalt, skriv Firda. I fjor haust gjekk RenoNorden, selskapet som henta avfall frå heimane i store delar av landet, konkurs. Tysdag signerte SUM ein avtale med Transferd AS om å opprette eit nytt selskap som skal ta hand om avfallet i Sunnfjord. Det nye selskapet SumTrans AS skal ta over når dagens kontrakt er ute.