Hopp til innhold

Tapte kampen om ambulansebåten

Askvoll misser ambulansebåten sin, det bestemte styret til Helse Førde i dag. Ordføraren er ikkje nøgd med avgjerda.

Ambulansebåt Askvoll

Lagnaden til ambulansebåten i Askvoll blei fredag avgjord i eit styremøte i Helse Førde.

– Det er veldig negativt, seier ordførar i Askvoll kommune, Ole Andre Klausen (H).

Han fryktar konsekvensen etter at styret i Helse Førde vedtok å leggje ned ambulansebåten som har vore stasjonert i Askvoll. Saka var oppe då helseføretaket diskuterte dei prehospitalene tenestene.

– Vi er blant dei som har dårlegast responstid frå før.

Samanslåing av ambulansebåtane i Askvoll og Solund, i tråd med vedtak frå 2016, var oppe som sak under dagens styremøte i helseføretaket.

– Ut ifrå den tilrådinga som var gjort då, har styret gjort vedtak på dette, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Innbyggjarane i Askvoll har i fleire omgangar måtte kjempe for ambulansebåten, og fleire har ytra at ei fjerning av tilbodet vil gå på tryggleiken laus.

– Det blir viktig for oss å signalisere at vi har trygge og gode helsetenester i vårt område, seier direktøren.

Då Helse Førde i 2016 vedtok at bilambulansen i Askvoll blir flytta til Dale og at båtambulansen blir erstatta med taxibåt, møtte fleire av innbyggjarane opp til demonstrasjon mot Helse Førde.

Utrygg situasjon

– Det betyr ein meir utrygg situasjon for dei som bur på øyane.

Han meiner dagens ordning med bilambulanse i Dale er ei dårleg løysing. Ordføraren seier det spesielt er responstida ved dårleg vêr det som gjer at han ser negativt på den nye løysinga.

I dårleg vêr vil båten frå Solund bruke lang tid, meiner han.

– Vi har ei god helikopterdekning samanlikna med andre stader, men då må helikoptera kunne fly, seier han og viser til redningshelikopteret i Florø og luftambulansen i Førde.

No vil han jobbe opp mot helseføretaket for å sjå korleis den endelege ordninga for kommunen faktisk blir.

– Eg trur ikkje siste ord er sagt i denne saka.

Ole Andre Klausen, ny ordførar i Oslo

SKUFFA: Ordføraren i Askvoll, Ole Andre Klausen, er skuffa etter avgjerda til styret i Helse Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

160 sider med innspel

Helse Førde skriv på sine nettsider at planen har vekt stort engasjement i heile opptaksområdet. Dei viser til at det har kome innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar. Innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider.

– Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, seier administrerande direktør Arve Varden.

Sakene om ambulansedekning i Lavik og Ytre Bremanger vart utsett. Kva tid desse kjem opp att kunne ikkje Varden seie noko om i dag.

Helse Førde seier det kan ta opp til eitt år før den nye ambulansebåten er klar.