Tapte for Stod
Førde VBK tapte laurdag ettermiddag heile 3–0 for Trønderklubben Stod, skriv Firda. Med dette tapet ligg Førde VBK på 5. plass i eliteserien. Søndag ettermiddag ventar ein ny vanskeleg bortekamp. Då møter dei nemleg laget som ligg rett bak Stod på tabellen, Oslo Volley.