Furnes er ein av ildsjelane bak fiskerimuseet i Måløy, han har sjøl vore med på å samle inn unikt materiale frå den lange fiskerihistoria i Måløy.
Då lokala til museet vart rive for nokre år sidan, måtte samlinga ut. Kommunen kom med ei midlertidig løysing, nemleg eit kommunalt blekkskur.
Dårleg opphald
Det var meininga at samlinga berre skulle liggje der i ei kort tid, men i dag skriv Fjordenes Tidene at samlinga har vore lagra i garasjen i 8-10 år.
- Eg hadde ikkje venta at det var så ille, seier Kåre Furnes. Den store samlinga av fotografi og dokument har ikkje tålt opphaldet i den fuktige garasjen, der vatnet kjem rett inn.
Mykje av det uerstattelege materialet kan ikkje lengre bergast, og Furnes kan fortelje at det er store verdiar som har gått tapt. Ikkje berre for fiskerinæringa, men òg for Måløy og regionen
Noko må gjerast
Furnes er ikkje oppteken av å plassere skuld, men av å redde det gjennstandane som enno kan reddast.
Kommunaldirektør i Vågsøy kommune, Olav Horn, seier han går inn for å gjere noko med saka. Allereie etter helga vert problemet sett på dagsordenen.