Hopp til innhold

Taper store pengar på rasevakuering

Hjørnesteinsverksemda Vik Ørsta taper store pengar på kvar time dei er evakuerte.

Vik Ørsta

Det er stille på Vik Verk måndag morgon.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det planlagde skiftet natt til måndag vart avlyst då steinblokker losna i fjellsida over Vetleøyri i Vik seint laurdag kveld.

I alt 36 personar i 14 husstandar vart evakuert . I dag kjem geolog til Vik for å vurdere rasstaden. Vik Ørsta ligg mitt i faresona.

- For kvar time som går, så får vi ikkje ut varene våre til kundane. Vi taper pengar og kundane taper i sin produksjon. Økonomisk er det litt tragisk for oss. Det er ikkje bra, seier marknadsdirektør Svenn Finden i Vik Ørsta.

Hektisk tid

Kor mykje pengar Vik Ørsta med sine 90 tilsette taper, er førebels uvisst. Finden seier perioden no er den mest hektiske tida i året.

- September, oktober og november er dei mest hektiske månadene i året. Det er då aktiviteten er absolutt størst på vegsikring kring om i landet, seier han og konstaterer at det er vel stille på fabrikkområdet i dag.

Manglar kyrkjeklokkene

Til vanleg plar det støye frå fabrikken. I dag er det bilane som køyrer forbi som står for støyen.

- Det er omtrent som å komme ned ein søndagsmorgon når det er stilt. Einaste som manglar i bakgrunnen no er kyrkjeklokkene, elles så hadde det vore søndag i dag, humrar han.

Klar til å starte

Dei tilsette ved verksemda har fått melding om å møte på området klokka 11 måndag føremiddag. Når kommune og politi gir klarsignalet, er både fabrikken og tilsette klare for å starte opp att produksjonen.

- Så vi køyrer i gang att på timen med produksjonen. Varene blir sende ut til kundane i ekspressfart, seier Finden.

Skjønar evakueringa

Finden har forståing for at politiet iverksette evakueringa laurdag. Han tykkjer derimot at det er merkeleg at geologen ikkje kunne kome før halvanna døgn etter raset.

- Eg skjønar politiet og kommunen i den situasjonen som var laurdag kveld. Når det er mørkt og det går eit ras, så har du ikkje oversikt. Då er det rett å ta førehandsreglar som er naudsynt.

- Det som er synd er at ein ikkje fekk på plass ein geolog søndag. Men det er kanskje ikkje noko som verken kommune eller politi styrer, avsluttar Finden.