– Det vil vere trasig at folk må stå att på utsida no som vi endeleg er tilbake i eliten. Derfor kjempar vi hardt for å få dette i stand, seier styreleiar Gunnar Solbakken.
- Følg årets siste kamp: RANHEIM - SOGNDAL på NRK frå klokka 13.00 søndag: Nett-TV - live tekstoppdatering
- LES OGSÅ:
Fryktar konsekvensane
Sogndal hadde opphavleg lagt ferdigstillinga av stadionanlegget på is, men den sportslege suksessen i haust, har igjen fått fart på planane om å ferdigstille stadionprosjektet Fosshaugane Campus.
– Ein publikumskapasitet på 3700 tilskodarar ikkje er nok i eliteserien. Det vil ha negative konsekvensar for klubben, seier Solbakken til Sogn Avis.
- LES OGSÅ:
Artikkelen held fram.
Kan auke med 1800 tilskodarar
Sogndal manglar førebels tribune på den eine langsida, frå gammalt av er kalla Bjørkesida, der den gamle ståtribunen på Fosshaugane var plassert. Kapasiteten medrekna hovudtribunen og dei to kortsidene er i dag på 3700 tilskodarar.
Med den siste tribunen på plass vil kapasiteten auke med 1800 til 5500 tilskodarar.
Sogndal Fotball som håpar på eit snittpublikum på 3000 personar i eliteserien, og reknar med å dra fulle hus mot publikumsfavorittane Brann, Rosenborg, Vålerenga og Aalesund.
Artikkelen held fram.
Risikerer å ikkje få plass
Eit reknestykke Sogn Avis har gjort, viser at med ein bilettpris på 150 kroner, vil klubben tape 1.080.000 kroner berre på dei fire førehandstippa toppkampane.
– Dessutan er det ikkje umogleg at fleire kampar bikkar 3700 tilskodarar neste sesong . I den tøffe økonomiske kvardagen vi er inne i, er det ikkje tvil om at dette er store summar, seier ein uroa styreleiar.
Fylkeskommunen er på gli
Etter planen skulle Sogndal Fotball alt ha ferdigstilt tribunen til drygt 15 millionar kroner langs veggen på nye Sogndal vidaregåande skule, som er under oppføring kloss inntil stadion. Men slunken klubbkasse førte til at Sogndal la planane på is.
Men etter kvart som opprykket nærma seg i haust, vart det børsta støv av planane og Sogndal Fotball har søkt fylkeskommune om støtte til å realisere planane. I førre månad kom gladmeldinga om der fylkesrådmann Jan Ølchers antyda eit tilskot på 4 millionar kroner.
Endeleg avgjerd her vil bli fatta under fylkestinget i desember. Sogndal sjølve vil spytte inn 2,4 millionar, mens resten blir lånefinansiert.
Tribune framfor kunstgras
No set styreleiaren si lit til at fylkespolitikarane seier endeleg ja til planane i desember. Sogndal har søkt om eit tilskot på seks millionar kroner, som også skulle dekke kostnaden til kunstgrasdekke på Fosshaugane, men må etter alle solemerke nøye seg med fire millionar.
For å få realisert tribunen, er Solbakken villig til å leggje plannane om kunstgrasdekke på is.
– Tribunen er viktigast, meiner han.
Til sommaren?
Men tribunen blir uansett ikkje ferdig til seriestart. Den vil ikkje kunne stå ferdig før utpå sommaren.
– Vi håpar å få til ei løysing der vi kanskje kan få bruke deler av tribunen viss det skulle vere behov for det, seier Solbakken til Sogn Avis.