Hopp til innhold

Tap av lam halvert

Etter eit nytt lammetapsprosjekt har tapet av lam på beite blitt meir enn halvert på tre år.

Lam og sommerstemning
Foto: May Hamnes

Seniorinspektør i Mattilsynet, Jørgen Langeland, seier resultatet er overraskande godt.

– Vi fekk meir effekt av prosjektet enn det vi hadde trudd, når vi ser på prosenttalet, seier Langeland.

Stor reduksjon

Dei 102 sauebøndene i Hordaland og Sogn og Fjordane som har vore med på prosjektet, hadde for tre år sidan 27% tap av lam på beite. Eitt år seinare var tapet nede i 16%. I fjor var det på 11%.

– Det er framleis altfor høge tal, meiner Langeland.

Så målsetninga er endå lågare tap?

– Det er det vi arbeider mot. Vi er ikkje nede i akseptable tal før vi snakkar om 5-6% tap av dyr på beite, seier han.

Eitt lam

Sauebonde Reidar Heggen frå Eid fortel at han i fjor ikkje hadde meir enn eitt tap av lam på beite.

– Året før var det fire lam, og året før det att var det åtte. Så eg seier meg fornøgd, seier han.

Han trur grunnen til dei gode tala er at dyra hans får vere stadig lenger ute på beite, sidan han har fått eit større beiteområde.

Hovudfiendar

Jørgen Langeland seier at hovudfiendane til lamma før prosjektet blei sett i gong var alveld, innvolsmakk og flugemakk.

– Den beste måten å bekjempe alveld på, er å bytte beite. For dei andre problema har innvortes og utvortes utøy-behandling vist seg å vere mest effektivt, hevdar inspektøren.