Hopp til innhold

Tannmysteriet vert ståande uløyst - Mattilsynet frikjenner bakeri

Mattilsynet kan ikkje sjå at rutinesvikt hjå bakeri er årsak til tannfunn i ostebolle. Dermed vert dei mystiske tannfunna i Årdal ståande uløyste.

Fann tann i ostebolle

MISTA APPETITTEN: Marianne Sandvik mista lysta på meir mat då ho fann ei diger tann i ostebollen ho dreiv og åt på i juni.

Foto: Marianne Sandvik / Privat

– Vi har prøvd å undersøkje, men vi har ikkje komme så veldig mykje lengre. Men det er ingenting i rutinane hjå det siste bakeriet som skulle gjere til at tanna har hamna der, seier distriktssjef i Mattilsynet, Trine Hellan.

For det er på mange måtar eit lite mysterium det som har skjedd i sognebygda Årdal. To gonger på eit halvt år har kundar funne tenner i bakverk av typen ostebollar. Også i 2010 dukka det opp ei tann i eit ostehorn.

Ostebollane med tenner i har vorte funne både på Rimi, Kiwi og Rema 1000.

Kundane har naturleg nok fått både ostebolle og bakverk litt i vrangstrupen etter å ha sett tennene i noko med tenner i.

Mista heilt matlysta

Det siste tilfellet skjedde i juni, då Rema 1000-tilsette Lene Kristin Aarnes fann ei tann i ostebollen ho skulle ete til lunsj.

Etter at saka vart kjend, stod ekteparet Marianne og Geir Sandvik frå Øvre Årdal fram og fortalde at dei hadde hatt ei liknande oppleving då dei skulle ete ein ostebolle kjøpt på Kiwi i mars.

– Det var ei ubehageleg oppleving, for å seie det mildt, seier Marianne Sandvik.

– Eg skal bollen i to og skjønte ikkje kva det var med ein gong. Det var forferdeleg ubehageleg då eg såg at det faktisk var ei tann. Eg mista matlysta for den dagen, det er heilt sikkert, seier Sandvik.

To av tennene er funne i bakverk produsert av Bakers, medan den andre vart funnen i ein bolle produsert av Sarepta Bakeri i Aurland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tann i ostehorn

DEN FØRSTE: Wenche Puthof frå Øvre Årdal fann denne tanna i eit ostehorn i februar 2010.

Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

Frikjenner bakeriet

Mattilsynet er no sikre i si sak på at det ikkje er noko rutinesvikt frå Sarepta Bakeri som er årsak til at laustanna fann vegen inn i ostebollen.

– Vi er veldig sikre på at det ikkje er rutinar eller svikt på slike i bakeriet som er grunn til dette. Tenner er heller ikkje noko som ein oppbevarer på bakeri. Heile saka er ganske spesiell, seier Hellan.

Hellan skulle gjerne sett ostebollane det er snakk om, med eigne auga.

– Vi har berre sett bilete av det, så vi kan ikkje slå fast heilt sikkert om tennene har vorte skubba inn i bakverket etter at det er steikt, eller kva som eigentleg har skjedd. Men vi har avslutta undersøkingane, for vi kjem ikkje lenger, seier Hellan.

Trine Hellan i Mattilsynet

VANSKELEG: Distriktsdirektør i Mattilsynet, Trine Hellan, skulle gjerne visst korleis tennene har hamna i ostebollane.

Foto: Mattilsynet

Ho legg til at det er eitt sentralt spørsmål som ein manglar svar på.

– Vi har lurt veldig på om det er eit hol i bollen eller brødet som kunne forklare om det er gjort etter bakinga. Det hadde vore interessant å vite, seier Hellan.

Tok tanna med til tannlegen

Ingolf Meisterplass ved Sarepta Bakeri i Aurland har sjølv prøvd å komme til botns i mysteriet, utan å lukkast.

– Eg tok mellom anna tanna med til tannlegen min, for å få sjekka om det faktisk var ei mennesketann. Tannlegen meinte tanna stammar frå ein person i 70-åra, truleg med ein tannsjukdom som fører til at tennene dette ut. Tanna var truleg ikkje trekt, seier Meisterplass.

Han registrerer at Mattilsynet er ferdige med si gransking, og er ikkje overraska over at heller ikkje dei kan konkludere med noko årsak. Han er heller ikkje overraska over at bakeriet hans vert fullstendig frikjent.

– Det var eg heilt sikker på. Eg har også snakka med mølla, og eg har lite tru på at tanna kjem derifrå. Men kva som har skjedd, er ikkje lett å svare på, seier Meisterplass.

Har ikkje øydelagt omdømmet

Han har sjølv tanna som var i bollen frå bakeriet hans, og trur ikkje tanna har vore med i bakeprosessen.

– Hadde ho det vore, hadde ho vore full av deig som hadde klistra seg til ho. Tanna låg, slik eg såg det, laus inne i bollen. Men dette vert berre spekulasjonar. Dette får vi aldri svar på, seier Meisterplass.

Men den lause tanna har ikkje ført til sviktande omsetnad for bakeriet.

– Det har ikkje øydelagt omdømmet vårt, for å seie det slik. Vi har vel heller fått mykje sympatierklæringar. Det er vi glade for, seier Meisterplass.