Det var like etter kl. 14 måndag at tankbilsjåføren melde frå om uhellet til naudetatane. Tankbilen hadde køyrd av vegen mellom Naddvik og Årdalstangen. Lasta med 50.000 liter flytande propan blei det slått full alarm.
– Det var ein bulk i tanken, men det er ikkje teikn til lekkasje, seier vaktleiar Morten Frantzen i 110-sentralen Vest.
Propanen måtte bli flytta over til ein annan tankbil. Det gjorde at fv. 53 blei stengd i fleire timar. Like før kl. 19 kunne politiet melde at propantanken var tømd og vegen opna for trafikk igjen.
Lasta med fleire tusen liter propan kunne utfallet blitt langt meir alvorleg.
– Potensialet ved stor lekkasje kunne blitt stygt, men det er kontroll på staden, seier Frantzen.
TANKBIL: Skadar på hjulet etter trafikkuhellet på fv. 53.
Foto: PolitietPolitiet veit førebels ikkje årsaka til trafikkuhellet, men det er ikkje mistanke om promille. Vest politidistrikt vil opprette sak på uhellet.