Hopp til innhold

Talsmann etter rabies-dødsfall: – Godt for familien å få ut historia

Familien føler dei har fått gitt eit riktig bilete av Birgitte Kallestad etter at familien i går fortalde bakgrunnen for dødsfallet.

Birgitte Kallestad

DØYDDE: Birgitte Kallestad frå Fjell kommune døydde av rabies.

Foto: Privat

– No veit folk kva som skjedde. På den måten var det godt for familien få ut historia, seier talsmann for familien, Jens Eikås, til NRK i dag.

Familien opplevde at det var mange rykte om kva som hadde skjedd med Kallestad etter at ho døydde av den frykta sjukdomen rabies. Difor gjekk dei torsdag kveld ut med ei pressemelding.

Kallestad var på ein ferietur til Filippinane då ho blei smitta av rabies frå ein kvalp ho redda frå vegkanten. Familien seier at Kallestad var ein dyreelskar, og at dei fryktar for at det same skal skje med andre som har eit like varmt hjarte.

– Familien føler dei har fått gitt eit riktig bilete av Birgitte og det mennesket ho er, seier Eikås.

Sidan historia blei kjent på torsdag har mange vist sin sympati til dei pårørande. I kommentarfelta har fleire ytra at det var sterkt av familien å gå ut med kva som skjedde. Fleire skriv også at dei vil ta til seg oppmodinga frå familien om å vere meir merksame på farane ved smitte av rabies.

Kallestad skal gravleggjast frå Foldnes kyrkje 15. mai.

– Det er ei stor og djup sorg for familien, seier Eikås.

Dette har skjedd:

Det er første gongen på over 200 år at eit menneske har vore rabiessjuk på fastlandet i Noreg.

Kallestad begynte først å bli sjuk ei tid etter at ho kom tilbake til Noreg etter opphaldet på Filippinane. Ho budde i Førde og jobba på Førde sentralsjukehus. Kallestad var i kontakt med legevakta og blei etter kvart lagt inn på sentralsjukehuset.

Ein lege meinte at symptoma kunne likne på rabies. Sjukdomen startar med veldig generelle symptom, før ein blant anna kan få krampar og redsel for vatn. Sjukehuset fekk vite om hundebitet på Fillipinane og prøvesvar frå Sverige stadfesta at det var rabies.

Kvinna blei gradvis dårlegare, opplyste Helse Førde. Kallestad vart alvorleg sjuk og fekk intensivbehandling på sjukehuset. Det gjekk åtte dagar frå ho fekk symptom til ho døydde av rabies måndag 6.mai med familien rundt seg.

– Dei har vore veldig, veldig nøgde med måten dei har blitt behandla på. Både vedkomande som pasient, og dei som pårørande. Dei kan eigentleg ikkje få rost nok dei som jobbar der, sa Eikås.