Hopp til innhold

Kraftig nedgang i talet på unge trafikkdrepne

Unge menn har tradisjonelt utmerka seg på dødsstatistikkar på norske vegar. No går talet på unge trafikkoffer drastisk ned.

Dødsulukke i Kvinnherad natt til tredje juledag

DØYDDE: Ein 18 år gamal mann døydde då bilen han sat i kolliderte i Kvinnherad 27. desember i fjor. Han var eitt av dei unge trafikkofra i 2017.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

I fjor var det historisk få dødsulukker på norske vegar. 107 personar mista livet, det lågaste talet på 70 år.

Tradisjonelt har unge menn utmerka seg i statistikken. Men ferske tal frå Statens vegvesen viser at det har skjedd ei markant nedgang i talet på unge trafikkdrepne i Noreg.

Lars Konrad Bonsaksen, køyrelærar på Voss

KØYRELÆRAR: Lars Konrad Bonsaksen meiner dagens unge er meir ansvarlege enn mange av hans tidlegare elevar. – Det er gledeleg å høyra. Ein vert jo glad i desse ungdommane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Om ein samanliknar perioden frå 2008 til 2012 og åra mellom 2013 og 2017 er talet på trafikkoffer i alderen 16–24 år i Noreg nesten halvert. Det er stikk i strid med utviklinga ein såg for ti år sidan.

– Det har vore ei fantastisk utvikling dei siste åra. Det er dette me er opptekne av, seier køyrelærar Lars Konrad Bonsaksen.

Hordaland verst i klassen

Bonsaksen har drive køyreskule på Voss i over 40 år. Han er dermed godt kjent på vegane i Hordaland, fylket som hadde flest trafikkdødsfall i fjor.

2017 var i utgangspunktet ikkje noko godt år på vegane i Hordaland. Som NRK kunne fortelja i førre veke auka talet på drepne samanlikna med åra før.

Til saman mista tolv personar livet på vegane i vestlandsfylket.

I romjula i fjor mista ein 18-åring livet då bilen han sat i kolliderte i Kvinnherad. Han var den einaste personen under 25 år som mista livet som følgje av ei trafikkulukke i Hordaland i fjor.

Ein må tilbake til 2013 for å finna sist ei kvinne mellom 16 og 25 år vart drepen på vegane i Hordaland.

Nedgang på 70 prosent

Dei siste fem åra har sju personar mellom 16 og 25 år mista livet i trafikkulukker på vegane i Hordaland. Det er ein nedgang på 70 prosent samanlikna med dei fem føregåande åra.

– Det er ein nedgang på meir enn to tredelar i talet drepne i alderen 15–24 år dei siste femten åra, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Han meiner det er mange grunnar til den positive utviklinga.

– Betre føraropplæring, ei positiv haldningsendring blant ungdommen og at bilane som unge køyrer er tryggare enn det dei var for 10–20 åra sidan.

– Køyrer ikkje lenger «bananas» i gamle bilar

Den same utviklinga ser Bonsaksen.

Hans erfaring er at ungdommane er stadig meir forsiktige i trafikken.

Helge Eidsnes, regionvegsjef i SV - brannsjef Reinhart Sørensen

REGIONVEGSJEF: Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Ungdommane i dag er mykje meir ansvarsfulle og opptekne av å vera prektige. Med den måten å tenka på, vert ein også ein betre trafikant, meiner Bonsaksen.

Han ser at særleg unge menn køyrer heilt andre bilar i dag enn for berre få år sidan. Han trur det er noko av grunnen til at knapt femten prosent av trafikkofra er under 25 år.

– Mange kjøpte gamle vrak og køyrde «bananas». I dag opplever eg at unge ofte får låna far bil frå mor og far, som gjerne har to bilar. Barna tør ikkje herja med desse bilane.