– Vi er ein gjeng på 10–15 stykk som har ei chattegruppe der vi diskuterer kjøp og sal av aksjar, seier Vegard Nore.
Saman med kameratane på Hafstad vidaregåande skule i Førde har han vorte interessert i aksjespekulasjon den siste tida, og både tid og pengar går med på den nye hobbyen.
Og dei unge gutane i Førde er ikkje åleine.
Interessa for kjøp og sal av aksjar har auka kraftig det siste året, spesielt blant dei yngre.
Tal frå interesseorganisasjonen AksjeNorge, viser at talet på aksjeeigarar under 40 år, har nær dobla seg frå 2019 til 2020.
Aksjonærar i alderen 20–29 år har vakse med 77 prosent, og mengda investerte verdiar frå disse har vakse med 93 prosent.
– Mange er meir på internett under pandemien
– Eg trur det er fordi mange er meir på internett no under pandemien, og då blir aksjehandel noko ein kan drive med, seier Mads Johannsen, investeringsøkonom i Nordnet.
Førsteamanuensis Espen Sirnes ved Handelshøgskolen i Tromsø har tidlegare lufta hypotesen om at folk som elles driver med pengespel «blir lokka til børsen av mangel på sportsarrangement under koronakrisen».
Veksten blant unge under 18 år vanskeleg å måle fordi mykje av handelen går via kontoen til foreldra. Nyregistrerte aksjehandlarar på 18 år kan difor ha handla aksjar år før dei blir registrert.
Førre veke bikka forumet «Ung Investor» over 1.000 medlemmer. Forumet har ei øvre aldersgrense på 25 år.
HYPE: Mange tusen nordmenn har investert i den amerikanske aksjeraketten Gamestop denne vinteren.
– Fond og aksjar er ikkje risikofritt
«Aksjekaffe»-grunnleggar Ida Hundvebakke delar kunnskap om finans gjennom sosiale medium. Ho er glad for at stadig fleire unge blir interessert i aksjehandel.
– Aksjemarknaden vedkjem oss alle, så eg tykkjer det er kjempeflott at fleire får ei interesse for økonomi og aksjar, seier Hundvebakke.
Ho kjem likevel med nokre forholdsreglar.
– Fond og aksjar er ikkje risikofritt, og det bør ein ha i bakhovudet. Ikkje gå inn med alt du har med ein gong, og ikkje gå inn med meir enn du kan tape.
Sjølv om ungdommane i Førde er klare over risikoen, har dei trua på at aksjehandelen kan bli ein suksess.
– Dei seier jo at 90 prosent av dei som kjøper aksjar taper pengar på det, men dei er kanskje ikkje like oppdaterte som oss, seier Ole Martin Vold Sæbø.
LIKAR AKSJAR: Tal frå AksjeNorge viser at det nå er 127.000 aksjehandlarar i alderen 18–40 år.
Foto: Synne Sørenes / NRK