Talet på plastiske operasjonar har eksplodert

Etter korona opplever private helseføretak over heile landet stor pågang av folk som vil pynte på utsjånaden. – Kyniske aktørar, meiner ungdomsorganisasjon.

Dagleg leiar Kjell Magnus Thorvik hos Privathospitalet Fana Medisinske Senter.

STOR PÅGANG: Privathospitalet Fana Medisinske Senter måtte halde stengt på grunn av korona. No har dei nok å gjere, og det er særleg stor pågang på plastiske operasjonar, ifølgje dagleg leiar Kjell Magnus Thorvik.

Foto: JULIANNE FLØLO / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Den siste månaden har vi hatt om lag dobbelt så mange operasjonar og konsultasjonar som på same tid i fjor, seier Kjell Magnus Thorvik som er dagleg leiar ved Privathospitalet Fana Medisinske Senter.

Også dei vart ramma av korona, og måtte stenge for kosmetiske behandlingar i to månader.

– Grunna smittevern trudde eg det ville ta tid å kome i gang igjen, men etter at regjeringa letta på tiltaka har det gått av seg sjølv, fortel han.

Det same opplever Aleris, landets største private helseføretak. Dei har auka kapasiteten for å ta unna, og held no ope både på kveldstid og i helger. Også der er talet på førespurnader dobla, både på landsbasis og i Bergen.

– Vi hadde normal drift gjennom korona, men utførte ikkje kosmetiske operasjonar eller behandlingar. Det har nok ført til at pågangen dobla seg, seier administrerande direktør Anita Tunold.

Anita Tunold, administrerende direktør i Aleris

UTVIDA KAPASITET: Anita Tunold i Aleris fortel at dei har utvida drifta til både kveldar og helg for å klare å ta unna den store pågangen.

Foto: Pressefoto / Aleris

Noregsferie kan skape pågang

Dei trur at nordmenn som skal feriere i eige land også er ein grunn til auka pågang.

– Folk har gjerne tenkt på inngrepa lenge, og så passar det fint å gjere det no. Det er ein gyllen moglegheit til å bli operert utan det blir lagt merke til, seier Tunold.

Thorvik trur også økonomi spelar ei sentral rolle i auka.

– Mange har fått ferieplanane sine kansellert, og har dermed større økonomisk fridom til å prioritere annleis enn normalt no, seier han.

Hos både Aleris og klinikken på Fana er brystoperasjonar, ansiktsløft og bukplastikk populære inngrep. Startprisen på brystprotesar er 36.000 kroner, medan bukplastikk ligg på rundt 45.000 kroner.

Lang ventetid hos offentleg helseteneste

Ei anna årsak til auken kan vere at det er lange ventetider hos den offentlege helsetenesta for medisinske operasjonar som ortopedi og nakke- og ryggkirurgi, påpeiker dei private klinikkane.

– Det kan ta eitt år å få operert eksempelvis menisken. Dermed nyttar folk seg av eiga helseforsikring og går til private klinikkar i staden, seier Thorvik.

Kritiske til klinikkane sin praksis

Organisasjonen Press – Redd Barna Ungdom er kritiske til klinikkane sin praksis. Dei delar kvart år ut ein Gullbarbie til ein medie- eller reklameaktør som «er best på å få unge til å føle seg verst».

– At pågangen aukar kraftig under og etter korona viser berre kor kyniske dei fleste aktørane i denne bransjen er. Påverkarar bidreg med sponsa reklame, og dette fører til eit enormt kroppspress. Det nyttar klinikkane for alt det er verdt, seier leiar Lea Mariero.

Leder i organisasjonen Press - Redd Barna Ungdom, Lea Mariero.

KRITISKE: Organisasjonen Press delar kvart ut ein Gullbarbie til den medieaktøren som får ungdom til å føle seg verst. Leiar Lea Mariero er kritisk til private klinikkar som tilbyr plastisk kosmetiske operasjonar.

Foto: Pressefoto / Press

Ho får støtte av leiaren i Bergen Press, Rania Farah Sheikh Ibrahim.

– Som følge av smitteverntiltak har vi blitt nøydde til å søke fellesskap gjennom sosiale medium. At vi ser ei auke i etterspurnaden av kirurgiske inngrep kan henge tett saman med den overveldande plasseringa av skjult reklame i disse plattformene, seier ho.

Avviser kritikken

Tunold i Aleris kjenner seg ikkje igjen i kritikken om skjult reklame i sosiale medium.

– Vi annonserer berre til vaksne menneske som allereie har vist interesse for våre tenester, og vi driv ikkje såkalla push-annonsering som medfører å sende oppsøkande reklame til personar som ikkje har bedt om det. Det er heldigvis strenge reglar for marknadsføring av kosmetisk kirurgi, og dei følgjer vi sjølvsagt. I tillegg har vi sjølvpålagde restriksjonar - vi jobbar ikkje med påverkarar, annonserer ikkje til personar under 25 år, og er nøye med bildebruken vår, seier ho.

Vil sørge for gjennomtenkte val

Thorvik fortel at Privathospitalet har flest pasientar over 30 år. Han er klar på at prosessen frå konsultasjon til operasjon er lang for å sikre at ingen pasientar tek forhasta avgjersler.

– Ved første konsultasjon ser ein på ønsker, utfordringar og kva som er realistisk. Å gje realistiske forventningar er viktig, fordi mange gjerne kjem inn med urealistiske forhåpningar. Basert på dette vurderer kirurgen om ein vil tilby operasjon eller ikkje, og det skjer at vi ikkje vil tilby å utføre inngrepet, seier han.

Etter konsultasjonen er det også krav om ein «cool off»-periode for at pasienten skal få tenkt seg godt om.

– Det er også mange som berre bestiller konsultasjon utan å gå vidare med operasjon, seier Thorvik.

Status Norge

Sist oppdatert: 30.09.2020
808
Siste uke
28
Innlagt
274
Døde