Hopp til innhold

Talet på elbilar er femdobla

Sidan januar 2014 har talet på elbilar auka frå 60 til 307 i Sogn og Fjordane.

Elbil BMWi3

AUKA SAL: Biltreff selde ni eksemplar av denne elbilen i juni.

Foto: BMW

Med andre ord er talet femdobla på eitt og eit halvt år. Likevel er det langt mellom elbilane i Sogn og Fjordane samanlikna med andre fylke. I Hordaland var det til dømes 8554 elbilar den 1. juli i år. I heile landet er det 54.160 ladbare bilar.

Men dagleg leiar Egil Skilbrei på Biltreff AS i Førde trur salet av elbilar vil auke kraftig også på våre kantar i tida framover.

– Vi vart godkjende som forhandlar av BMWi3 i vår og har selt 15 bilar til no, berre i juni selde vi ni, og vi kjem til å registrere ni eller ti i august. Og dei som har kjøpt elbil er bortimot religiøst nøgde.

Egil Skilbrei

- BORTIMOT RELIGIØST NØGDE: Dagleg leiar Egil Skilbrei i Biltreff AS om elbilkjøparane.

Foto: privat

Mest som nummer to-bil

Avstandane i Sogn og Fjordane gjer at reine elbilar stort sett blir kjøpte som nummer to-bil i familien.

– Dei fleste familiane har to bilar. Sjølv har eg bytt ut vår nummer to-bil med dieseldrift med ein elbil, seier Skilbrei.

Men han meiner at for folk med ei sporty innstilling og med god planlegging kan elbilen godt brukast på lengre turar.

– BMWi3 har ei rekkevidde på 18 mil når det er sommartemperatur, på kalde vinterdagar må du kanskje lade etter åtte mil. Dei som er sporty synest det er moro å sjå kor langt dei kjem før dei må lade. Men det er ikkje noko for dei som har angst for at batteriet skal bli utlada.

– Skikkelege bilar

Egil Skilbrei ser ikkje bort frå at utsiktene til bomring i Førde kan få salet av elbilar til å skyte endå meir fart. Inntil vidare slepp elbileigarane å betale bompengar og ferjebillettar.

– Men uansett er det svært gunstig økonomisk å køyre elbil, for straumutgiftene er beskjedne. Og i motsetnad til dei første elbilane er det no snakk om skikkelege bilar, dei er lynkjappe, veldig lette å køyre, og dei går nesten lydlaust.

Elbil - Nissan Leaf

BESTSELJAR SÅ LANGT: Nissan Leaf, som no er detronisert frå salstoppen for elbilar av e-Golf.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fram til no er Nissan Leaf den mest selde elbilen i Norge, men det siste halvåret har Volkswagen overteke salstoppen med sin e-Golf. Salet av ladbare hybridbilar har og auka kraftig siste året.

Ifølgje Norsk Elbilforening er det berre 26 prosent av elbileigarane som brukar elbil på ferieturar, medan 89 prosent av dei brukar elbil på handleturar og 87 prosent til og frå jobb.