Hopp til innhold

Talentbrør får tilbod om kontrakt

Sogndal vil gjerne ha dei 15 år gamle tvillingbrørne Stefan og Peter Aase frå Florø i troppen.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

PÅ SAME LAG? Peter og Stefan Aase får tilbod om kontrakt med Sogndal. Her er Florø-tvillingane saman med Eirik Bakke etter ein treningskamp tidlegare i år.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Vi er i dialog med Florø og spelarane sjølve. Stefan og Peter har glidd fint inn i miljøet vårt, og kan nå veldig langt under dei rette tilhøva, seier Trond Fylling til Sogn Avis.

Vil gje tilbod om kontrakt

Sogndal sin sportslege leiar meiner dei to brørne har gjort det godt under klubben sitt opphald på La Manga. No kjem han til å gje Florø-spelarane tilbod om kontrakt.

Ifølgje Sogn Avis kan ei løysing vere at tvillingane går på vidaregåande skule i Sogndal medan dei trenar med eliteserieklubben - og spelar kampar for Florø i 3. divisjon.

Er ønskt av fleire eliteklubbar

Eit anna alternativ er at dei bur i heimbyen eitt år til, medan dei hospiterer med Sogndal.

LES OGSÅ:

Også Aalesund, Molde, Brann og Viking er ute etter underskriftene til Peter og Stefan Aase.

Håvard Flo, Harald Aabrekk og Stefan Aase

IMPONERT: Stefan Aase (t.h.) og broren Peter har imponert Sogndal-leiinga så mykje at dei no får kontraktstilbod.

Foto: Rune Fossum