Tal på GHB-brukarar: Ukjent

Talet på beslag og overdosar av GHB har eksplodert. Samstundes veit ingen kor mange som brukar stoffet

GHB på Cola-flaske
Foto: NRK

- GHB finst overalt, og særskilt i dei miljø folk ikkje trur at folk brukar det, seier Chris frå Os.

Han er ikkje ukjend med stoffet. I løpet av det siste året har Os opplevd ein dramatisk auke i talet på beslag og overdosar av det livsfarlege stoffet GHB.

Politiet kjenner til kring 40 overdosar av stoffet det siste året, men trur tala er langt høgare.

LES OGSÅ: Auke i talet på GHB-overdosar

Ukjend brukarmasse

Men trass i at GHB spreier seg i fylket, veit ingen kor mange brukarar som finst. Dét er det fleire årsaker til.

- Eit av problema er at det ikkje finst motgift mot GHB. Difor er det mange som droppar å reisa til sjukehus. Ein annan årsak er at helsepersonell må få tak i prøvar etter få timar. Denne prøven må i tillegg sendast til Trondheim eller Oslo for analyse og det tek mange veker å få svar, seier direktør ved avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, Ola Jøsendal.

Jøsendal seier at helsevesenet i liten grad bryr seg med å ta slike prøvar fordi den ikkje får innverknad på behandlinga av ungdomane. Han stadfestar at det ikkje finst oversikt over kor mange som brukar GHB.

Ola Jøsendal

UROA: Ola Jøsendal likar ikkje at talet på GHB-brukarar er ukjend.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Me tykkjer det er eit stort problem. Samstundes har me ingen god metode for å løysa problemet, seier han til NRK Hordaland.

Den rusmedisinske avdelinga må basera opplysningane om kor mange som brukar GHB på informasjon frå politiet og frå eigen klinikk.

LES FLEIRE SAKER OM GHB I HORDALAND: