89 år gamle Leif Garvik og sonen Sigmund på 60 år betalte 52.000 kroner for å få nye takrenner på huset sitt på Atløy.
Men då seljarane fekk betalinga i kontantar, stakk dei frå halvgjort arbeid, skriv Firda.
Dei to takrenneseljarane snakka austlandsdialekt.
Saka er ikkje meld til politiet, men lensmann Oddvar Indrebø i Askvoll meiner far og son Garvik bør melde saka dersom dei kjenner seg lurde.