Hopp til innhold

Takk for sist frå Frp i Vågsøy - sikra Ap-ordførar

Splid og dårleg samarbeid gjorde at Frp vraka Høgre i Vågsøy og i staden sette inn ein Arbeidarparti-ordførar i samarbeid med mellom anna Raudt.

Hogne Bleie

- SAKNAR SAMARBEIDSVILJE: Gruppeleiar Hogne Bleie (Frp) meiner Hagen har seg sjølv å takke for at han vart kasta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Valet vekkjer stor oppsikt, men gruppeleiar Hogne Bleie i Vågsøy Frp meiner skulda ligg på avtroppande Høgre-ordførar Morten Hagen, som ikkje har teke Frp inn i varmen.

Han meiner Hagen kunne ha halde fram som ordførar om han hadde stokka korta annleis.

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi synest samarbeidsviljen ikkje har vore god nok frå den kanten.

Frp hamna på vippen i kommunestyret og valde å vrake Høgre-ordførar Morten Hagen og heller sette inn Kristin Maurstad frå Ap.

– Avvist av Høgre

For å greie det måtte Frp gå inn i samarbeid med Raudt, Senterpartiet og Tverrpolitisk liste, og medan dei borgarlege kranglar kan Kristin Maurstad glise breitt.

– Det er ikkje vanleg at både Raudt, Frp og ei tverrpolitisk liste er i lag med Senterpartiet og Arbeidarpartiet, sseier ho.

Og det var personkabalen som langt på veg avgjorde for Frp. I fire år har Frp streva med å få til samarbeid med Høgre i kommunestyret, meiner Bleie. I staden har Frp laga budsjett saman med til dømes Senterpartiet, medan det er Høgre som har jobba tett saman med Ap i ei rekkje saker.

– Vi har heile tida frå Frp si side invitert Høgre til eit samarbeid om budsjetta, men vi er blitt avvist, seier Bleie.

– Maurstad ekstra godt kvalifisert

Kristin Maurstad

NY ORDFØRAR: Kristin Maurstad (Ap) får godt skussmål frå Frp og deira støtte som ordførar i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Han seier også rett ut at han meiner Maurstad er ekstra godt kvalifisert til å vere ordførar.

– Kristin Maurstad har lang erfaring som politikar, og ho er ein dyktig politikar. Det er sjølvsagt nokre skiljeliner politisk, men ho har vore statssekretær og talt kysten si sak. I ein kommune som Vågsøy meiner vi det er maktpåliggande å ha ein dyktig ordførar framfor partipolitikk.

Morten Hagen gjorde eit bra val i Vågsøy, trass ein liten nedgang har dei like mange i kommunestyret som før. Men ordførarkontoret må han rydde.

– Høgre gjorde eit godt val, vi blir sittande med like mange representantar som sist, og det vil eg takke veljarane for. Det vil seie at dei er nøgde med det vi har gjort og at dei ynskjer at vi skal halde fram.

– Men så er det andre som har andre ynskje, og dei har gått saman og fått eit fleirtal.

– Kunne vore meir inkluderande

Morten Hagen

- EIT GODT VAL: Morten Hagen (H) takkar veljarane, men må likevel rydde ordførarkontoret.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Hagen seier dei vurderte samarbeid med Frp for fire år sidan, men at andre parti då sette seg på bakbeina.

– Eg har forstått at Frp er skuffa fordi dei ikkje vart tekne med for fire år sidan då vi danna eit fleirtal. Den gongen vurderte vi Frp, og vi fekk ein kontakt frå dei, men då fekk vi ikkje med andre parti, og vi ville ikkje ha fått fleirtal med Frp åleine.

Men den avtroppande ordføraren vedgår at ting kunne ha vore gjort annleis.

– Det er klart at alle kunne ha vore meir inkluderande, det gjeld både meg og Høgre, men også andre parti.

Plattformen til dei fem samarbeidspartia i Vågsøy er like brei som partifloraen.

Her er det nei til å heve eigedomskatten, men også til skulenedlegging, trass i at Ap lenge har stått for det motsette.

Men det er striden om ny ungdomsskule i Måløy som har flytta veljarar. Maurstad vurderer å gå vekk frå planane om eit nybygg i sentrum, der anbod alt er delt ut til entreprenør.