Hopp til innhold

Tåketrøbbel på Flesland

Tåke skapar problem for flytrafikken. Flyinformasjonen til Avinor viser at mange fly er forseinka torsdag kveld. Lufthamndirektør Aslak Sverdrup seier til BT at fleire fly har måtta snu i løpet av kvelden. – Det er meld tåkeforhold fram til i morgon tidleg, men me får håpa det ikkje varar så lenge.