Hopp til innhold

Tak blåste vekk : – Vakna av at pipa mi var borte

FJELL (NRK): Kristoffer Snekkevik og sambuaren hadde berre budd i det nye huset nokre månader. Måndag vakna dei til litt av eit sjokk.

Montasje. Vinden tok tak og pipe

MISTA TAK OG PIPA: Sjå bileta frå huset til familien Snekkevik på Sotra.

Foto: Elise Angell / NRK

Det var klokka 06:22 at politiet fekk melding om at eit tak hadde losna frå ein tomannsbustad i Fagrehaugvegen i Fjell kommune på Sotra.

Kristoffer Snekkevik

HUSEIGAR: Kristoffer Snekkevik vakna til at heile taket og pipa var borte.

Foto: Elise Angell / NRK

– Eg vakna til at heile taket og pipa mi hadde forsvunne. Eg fekk litt sjokk, seier huseigar Kristoffer Snekkevik.

Då han la seg i sundag kveld hadde han den sterke vinden i tankane. Men det var ikkje før han vakna klokka 06 at han oppdaga at heile taket var borte.

Taket trefte to parkerte bilar i nærleiken.

– Restar av taket ligg òg strødd utover skogen her, seier Snekkevik, som er i ferd med å rydda vekk takrestar frå eigedomen.

Fagrehaugvegen i Fjell

Heilt nytt hus

Huset ligg på toppen av eit byggjefelt i Skålvik. TIl saman bur det fem personar i tomannsbustaden.

Politiet frykta først at vrakrestane skulle blåsa vidare og gjera større øydeleggingar, men taket ligg no i skjul for vinden.

Klokka 7.50 seier operasjonsleiar Frode Kolltveit at politiet har gjort seg ferdig på staden. Både brannvesen og utbyggjarfirmaet er kopla inn.

Ingen andre personar i byggjefeltet blir evakuert. Tomannsbustaden er eit nyoppført bygg.

– Vi hadde berre budd her nokre månader etter å ha flytta inn i haust. Naboen vår flytta inn like før jul, så dette er veldig leit, seier Snekkevik.

Orkan og sterke vindkast

Det har vore svært sterk vind fleire stadar langs kysten natt til måndag og på morgonen.

I Nordsjøen har det vore orkan i vindkasta, medan det i fjellet i innlandet har blååst vinkast på opp mot 174 km/t.

Har tips eller bilete frå uvêret? Tips oss!

Tre blåste over Fløibanen i Bergen på 100 års-dagen

TRE OVER LINJA: Fløibanen i Bergen fyller 100 år i dag. Slik starta dagen for jubilanten.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Og verre skal det bli, ifølgje meteorologen.

– Vinden vil auke på fram til måndag formiddag, og den vil vera på sitt kraftigaste fram til kvelden de fleire plassar, seier statsmeteorolog Vibeke Thyness ved Meteorologisk institutt.

Les meir på Yr.no: – Dette er heilt på grensa til ekstremvêr

I Hordaland har det vore ei rekke mindre hendingar.

Bømlabrua i Sunnhordland vart stengd då ein tilhengar blåste over ende og velta.

I Bergen har eit busskur blåst over ende i Birkelundsbakken, medan eit tre har blåst over linjene til Fløibanen, som fyller 100 år i dag.

Det er uvær i det meste av landet - oppdater deg her!

SJÅ VIDEO: Siste nytt om den kraftige vinden måndag.