Systrer omkom i trafikkulukke

To systrer på 16 og 18 år omkom i ei trafikkulukke ved Ostereidet på E39 i Lindås.

Ulukke Lindås
Foto: Jon Ingar Kjenes/TV Nordhordland

Det stadfestar politiet fredag kveld.

- To systrer på 16 og 18 år omkom i ulukka. Begge kom frå Nordhordland, seier lensmann i Lindås og Meland, Einar Vatne, til NRK.no.

Bil knust av trailer

Politiet fekk melding om ulukka ved Ostereidet på E39 klokka 14.51 fredag ettermiddag. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

– Ein personbil fekk skrens på bilen, snurra rundt og trefte med bakdelen rett inn i fronten på ein trailer. Bilen blei knust, og dei to ungdommane som sat i bilen, omkom, fortel Vatne.

- Stor tragedie

Han stadfestar at det var svært glatt på staden då ulukka skjedde.

- Det var lett for at noko slikt kunne skje. Dette er ei stor tragedie. Ein finn ikkje ord i ein slik situasjon, seier Vatne til NRK.no.

Andre dødsulukka i dag

Ulukka i Lindås er den andre dødsulukka i Hordaland i dag. Rundt klokka 09.30 omkom ein 81 år gamal mann ved Kvåle på Voss. Også her skal det ha vore svært glatt.

Statens vegvesen åtvarar bilistar i heile fylket om ekstremt glatte vegar.

- Det er ille i heile Hordaland i dag. Det har blitt varmegradar i lufta, medan det framleis er minusgradar i vegbana. Når nedbøren treff vegen, blir det såpeglatt, forklarar vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen, Camilla Einarsen.

- Køyr forsiktig

Einarsen ber folk køyra forsiktig.

- Folk må tilpassa farten til køyreforhalda og godta at det tar litt lenger tid, seier ho.