Hopp til innhold

Fatima kom til Noreg for tre år sidan – no er ho bygda sin nøkkelperson

Viktig informasjon til og frå innvandrarar stoppar ofte opp grunna språkproblem. På Bømlo i Vestland har dei funne løysinga – i syriske Fatima.

Fatima Khantoumani

NØKKELPERSON: Fatima Khantoumani kom til Noreg for tre år sidan, men har allereie fått ei viktig rolle i den nye heimstaden.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Det var viktig for meg å vera ein ressurs for samfunnet. At eg ikkje kunne språket først var ikkje ein unnskyldning, fortel Fatima Khantoumani.

For tre år sidan kom ho frå Syria til Bømlo, ein øykommune sørvest i havet.

No er 37-åringen éin av ni innvandrarkvinner som har fått ansvar for å spreie koronainformasjon til andre innvandrarar i kommunen.

Dei har nemleg tatt del i eit nøkkelpersonprosjekt, der kvinner med innvandrarbakgrunn får opplæring og informasjon om covid-19, som dei skal formidle vidare på eige språk.

Eit stort behov

– At me kan bruke dei mange ressursane som kjem til landet vårt, er heilt fantastisk, fortel Ingebjørg Westre.

Ho har arbeida med innvandrarar i fleire år, og la tidleg merke til at viktig informasjon ikkje når fram til dei som nettopp har flytta til Noreg.

Ingebjørg Westre og Anne T. Johannesen.

GLADE: Ingebjørg Westre og Anne T. Johannesen er begge med på prosjektet, og er glade for at ressurssterke innvandrarkvinner blir tatt i bruk.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– All informasjon frå kommune, skule og idrettslag kjem på norsk. Om ein ikkje kan norsk, korleis skal ein få det med seg, spør Anne T. Johannesen, som også er med på prosjektet.

Frå bydelsmødre til bygdemødre

Nøkkelpersonprosjektet er i regi av Bydelsmødre, ein oslobasert organisasjon som sidan 2016 har bygd bru mellom innvandrarkvinner og lokalsamfunn.

– Når ein er ny i eit land er det lett å gå seg vill i jungelen av informasjon, fortel grunnleggjar Nasreen Begum.

Ho kom sjølv frå Pakistan til Noreg for 25 år sidan.

Etter at ho etablerte seg i det norske lokalsamfunnet, starta ho å spreie kunnskap om Noreg til andre innvandrarar.

Nasreen Begum

BYDELSMOR: Nasreen Begum meiner mange nye innvandrarar treng å få informasjon munnleg, frå folk som liknar på seg sjølv.

Foto: SHAHBAZ QAZI

– Plutseleg ringde folk meg døgnet rundt, med spørsmål om Nav, skule og jobb. Eg forstod at mange trengde informasjon frå nokon som likna på dei sjølv, fortel Begum.

Då starta ho Bydelsmødre, som hjelper kvinner med ulike morsmål til å spreie informasjon i eige lokalsamfunn.

Først i Oslo, men no også i kommunar som Kvam, Levanger, Grong og Bømlo.

– Nøkkelpersonar trengst over heile Noreg, og kanskje spesielt på bygdene, seier Begum.

Informasjonsbrest

– Den største utfordringa er å nå alle, fortel Øyvind Strømmen.

Han er informasjonsrådgjevar i Kvam Herad, ein av kommunane som også har brukt innvandrarkvinner i spreiing av koronainformasjon.

– Det er ikkje alltid at informasjonen kjem fram, sjølv om den er omsett til andre språk, seier han.

Strømmen trekk fram at mange ikkje veit kvar dei skal finne informasjonen, medan andre ikkje kan lese, sjølv på morsmålet.

Fatima Khantoumani snakkar i telefon.

I TELEFONEN: Khantoumani snakkar meir med vener og familie over telefon no, grunna pandemien.

Foto: Synne Sørenes / NRK

I tillegg er det ulike tradisjonar knytt til spreiing av informasjon.

– Nokon er vane med å få informasjon munnleg, og stolar meir på kjente enn styresmakter, fortel han.

Del av samfunnet

På Bømlo er Khantoumani, Westre og Johannesen einig i at prosjektet ikkje må stoppe saman med koronatiltaka.

– Om det er eit arrangement i bygda, må alle få høyre om det. Ikkje berre dei som les og snakkar norsk. Det kan Fatima og dei andre hjelpe til med i lang tid framover, fortel Westre.

Fatima Khantoumani og Ingebjørg Westre på biblioteket

SOSIALT: På eit møterom har Khantoumani og dei andre nøkkelpersonane fått undervisning i ulike tema knytt til korona.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Khantoumani fortel at det beste med prosjektet er vennskapa og nettverket ho har fått.

– Eg vil ta del i heile samfunnet, ikkje berre familien min, men heile Bømlo og Noreg, fortel ho.