Hopp til innhold

Synte fram ulven til bygdefolket

NAUSTDAL (NRK): I dag blei ulven som vart felt i Naustdal i går vist fram. Fleire nytta høvet til å sjå rovdyret på nært hald.

Ulven i Naustdal

VISTE FRAM ULVEN: Han vart skoten i går, i dag vart ulven vist fram for bygdefolket. Grunna fare for truslar har personane på biletet blitt sladda.

Foto: Privat

Mange i lokalsamfunnet er letta over at ulven no er skutt. Ein av dei er pensjonist Per Stuhaug frå Naustdal.

– Eg synst det er berre bra at han er avliva. Han har gjort så mykje skade på husdyr, at det var på tide, seier han.

Tvilar på at det berre er ein ulv

Årets sesong har vore prega av store tap. Sauebonde Jim Ivar Kalland er ein av dei som har mista flest dyr til ulven.

– Det er godt å vite at han er vekke, så vi slepp å få like store problem neste sesong. For det har vore ein haug med ekstraarbeid og store tap, seier han.

Han håpar at det ikkje luskar fleire ulvar rundt i skogane, men tør ikkje heilt å tru det.

– Det har vore såpass spreidde observasjonar, at eg har vanskeleg for å tru at det er berre èin, seier Kalland.

Created by InfoDispatcher

SKREMMANDE SYN: Mange nytta sjansen til å få sjå rovdyret på nært hald.

Som ein stor hund

Skuleelev Viktoria Folkestad hadde også møtt fram utanfor lokalbutikken. Ho har aldri før sett ein ekte ulv.

– Eg har berre sett ulv på bilete, så eg er veldig glad eg fekk sett den no, seier ho.

Som så mange andre er ho glad for at ulven ikkje lenger er til fare for husdyra i området.

– Eg synst det er bra at den vart tatt, men den såg veldig søt ut. Eg tenkte på det når eg såg den, at den ser ut som ein stor hund, seier ho.

På skulen har ulven vore det store samtaleemnet i lang tid. Utan at Folkestad har følt seg trua av å ha ein ulv i nabolaget.

– Eg hadde kanskje vore litt småredd for å møte på den, men eg veit at han er meir redd meg, enn eg er den, seier ho.

Rett å vise den fram

Vidar Heggheim er leiar av Naustdal Sau og Geit. Han meiner det var rett at ulven vart vist fram på denne måten.

– Eg kjenner folk som såg den førre ulven som vart skoten i Naustdal og dei snakkar framleis om han. No har det har gått seksti år, og det ville vore dumt om folk ikkje skulle få sjå han, når det var no dei hadde moglegheita, seier han.

Han siktar til den legendariske Naustdalsulven som vart skoten av Dagfinn Berg i 1950. Den gong hadde ingen sett ulv på 80 år.

Saman med broren Henrik Berg, bar han dyret på ryggen ned att i bygda. Der vart dei møtt med skepsis. Ingen ville tru det dei såg. Til slutt fekk dei tak i ekspertise, som slo fast at dei hadde rett.

– Vi drog til dyrlegen, og han sa at det fanst ikkje tvil, det var ulv, har Dagfinn Berg tidlegare fortalt til NRK.

Dagfinn og Henrik Berg med Naustdalulven i 1950

64 ÅR SIDAN SIST: Dei rekna med at ingen ville tru dei. Etter at brørne Dagfinn og Henrik Berg hadde bore dyret ned att i bygda, fekk dei stadfesta at det var ein ulv dei hadde skote.

Foto: Dagfinn Reiakvam