Hopp til innhold

Synneva Eris hus brann til grunnen i 2014, men éin ting overlevde flammane

LÆRDAL (NRK): Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.

Leiv Thomas Faulkner

LIKT: Huset er bygd opp i same stil som det originale huset frå 1830-talet. Leiv Thomas Faulkner viser fram det einaste som overlevde brannen, skiltet som seier «Værelser» frå tida Synneva Eris hus var pensjonat.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

– Eg har lært mykje av det. Alt var vekk, men no står eg att med noko veldig fint. Eg var i lik livssituasjon som dei andre på min alder, men plutseleg måtte eg bli bråvaksen, seier den no 22 år gamle Leiv Thomas Faulkner.

Han var 19 år og russ, då han fekk beskjeden om at huset han arva frå sin avdøde far hadde brent ned til grunnen under storbrannen i Lærdal, natt til 19. januar i 2014.

Brannen i Lærdal er den største i Norge i fredstid, sidan Hemnesberget i Nordland hadde sin storbrann i 1923.

Over 40 bygningar gjekk tapt i brannen i Lærdal, fire av dei verneverdige bustadar og eit av dei var det ikoniske Synneva Eris hus.

Var aldri i tvil

Far til Leiv Thomas kjøpte huset tidleg på 1980-talet, og familien brukte det blant anna som sommarhus. 22-åringen arva huset då faren gjekk bort, eitt års tid før brannen.

– Eg var aldri i tvil om at eg skulle bygge det opp att, seier han og legg til at det einaste han var redd for var at forsikringa ikkje var i orden.

Det var den, og huset er bygd etter same prinsipp originalhuset. Likskapen mellom det gamle og det nye er slåande frå utsida.

Laster innhold, vennligst vent..

Flammane tok heile huset og alt som var inni. Alle minna om faren var vekk. Berre ein ting klarte seg.

Leiv Thomas Faulkner

SKILTET: Her er skiltet som overlevde brannen.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

– Skiltet datt med blikksida ned, og då gjekk det faktisk ganske greitt. Det er jo veldig moro at vi klarte å redde det, seier Faulkner, medan han heldt opp skiltet som seier «Værelser».

Dei første bokstavane er så godt som vekk, men skiltet skal hengast opp i huset. Leiv Thomas bur i Sogndal der han studerer, men planen er å bruka huset i Lærdal som hytte. I tillegg er det to utleigeleilegheiter.

Synneva Eris hus etter brann en i Lærdal

BRANNTOMTA: Slik såg det ut etter brannen i 2014.

Foto: Jan Christian Jerving

– Trur ikkje han hadde sett forskjell

No er leigebuarar på plass og folk i Lærdal seier huset ser ut akkurat som før, og det trur Faulkner at faren ville ha syns og.

– Men eg trur ikkje pappa hadde vore heilt nøgd, han ville nok ikkje hatt utleige og heller hatt heile huset for seg sjølv. Han var ikkje så økonomisk av seg, seier 22-åringen med eit smil.

Dei gode barndomsminna er ein viktig grunn til at han valde å bygge opp att huset.

– Eg vil at mine barn skal få dei opplevingane eg hadde då eg vaks opp med sommarferiar her, seier han.

Brann i Lærdal

INFERNO: Flammane herja i Lærdal under storbrannen i 2014. Over 40 bygningar gjekk tapt i brannen.

Foto: Steinar Lote / NRK