Hopp til innhold

Synne (19) blir den tiande toppseriespelaren frå fylket

Synne Sofie Christiansen blir Vålerenga-spelar frå hausten av. – Eg har fått kontrakten og signerer om få dagar, smiler Kaupanger sin toppscorar.

Synne Sofie Christiansen

SATSAR: Synne Sofie Christiansen (t.h.) spelar frå hausten av for toppserielaget Vålerenga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

19-åringen var i vinter på prøvespel i osloklubben. Med seg på turen heim til kvardagen i 2. divisjonsklubben Kaupanger fekk Synne Sofie Christiansen ein invitasjon ho ikkje kan seie nei takk til.

– Dei sa eg var meir enn velkomen hos dei om eg flytta til Oslo, fortel ho.

Langsiktig mål

Som sagt så gjort. Konktraktsforslaget som dumpa i postkassen blir om få dagar returnert til Oslo. Med Christiansen sin signatur. Kaupanger er allereie orientert.

Etter dei neste fire kampane blir ho Vålerenga-spelar.

– Dette har vore det langsiktige målet eg har jobba målretta mot gjennom desse tre åra ved idrettslinja i Sogndal. Eg ynskjer å nå lengst mogleg. Kanskje komme på landslag og dersom eg utviklar meg bra, så kanskje enda lenger, seier ho.

I far sine fotspor

Dermed følgjer 19-åringen i pappa Knut Christiansen sine fotspor. Han har 610 kampar og 256 mål for Sogndal Fotball og har vore ein viktig støttespelar for dottera.

– Han har gjeve meg mykje tips og motivert meg kvar dag. At eg lever namnet vidare er jo motiverande i seg sjølv, smiler ho.

Knut Christiansen

PÅ TIDE: Pappa Knut Christiansen var sjølv med å spele Sogndal Fotball opp i eliteserien. Han har stor tru på at dottera kan lukkast i Vålerenga. – Men ein må like seg på skulen og alt må klaffe også utanom fotballen. Eg veit ho vil bli godt motteken og teke vare på i Vålerenga, seier han.

Foto: Arve Uglum / NRK

Og Christiansen senior har tru på at dottera kan lukkast i toppserien. Han meiner det er rett av henne å gripe sjansen.

– Eg meiner vel kanskje at ho allereie som 15-16-åring var så langt framme at dette burde skjedd då, seier han og ikkje blir overraska om ho allereie i haust får debuten.

Gode føresetnader

– Ho er utruleg treningsviljug, er god teknisk og har god fysikk og forståing, seier han og meiner dottera har med seg rette innstillinga i bagasjen når ho reiser til tigerstaden.

– Synne ventar ikkje å gå rett inn på laget, men er budd på å spele seg inn som alle andre, seier han om dottera som blir den tiande spelaren frå fylket i ein av årets toppserieklubbar.

Disiplane til trenar Leif Tsolis er førebels nummer åtte i serien.

Motiverande kvardag

I tillegg til å spele fotball har 19-åringen søkt på fleire årsstudium for å fylle den nye kvardagen.

Ein kvardag som vil vere milevis frå treningskvardagen som 2. divisjonsspelar med Kaupanger.

– Eg kjem nok til å merke det veldig på nivået, men eg trur det blir veldig motiverande og kjekt å vere i ei utfordrargruppe. Eg likar meg der, avsluttar ho.