Hopp til innhold

Her hoppar elevane i fjorden – det skal alle born i Noreg klare

Alle born i Noreg skal ha utandørs symjeopplæring, men skular vegrar seg for å sleppe elevane ut i det kalde vatnet.

Utesymjing ved Kjølsdalen Montessoriskule

TRYGGE: Elevane meiner utesymjing er stas.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er kaldt i starten, men så blir det berre betre og betre, seier Wilhelm Sundal Myklebust (10).

Heile vinteren gjennom har elevar ved Kjølsdalen Montessoriskule undervisning i ein iskald fjord, som til tider har sterke straumar.

– Om du ikkje kan å symje i kaldt vatn, kan du få vanskar om du hamnar i sjøen som eldre, seier fjerdeklassingen.

Wilhelm Sundal Myklebust og Martina Telvik

BADING: Wilhelm Sundal Myklebust og Martine Telvik har bading i sjøen som ein del av skulekvardagen, her frå symjing denne veka.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Alle barn skal øve utandørs

– Mange lærarar og rektorar tenker nok at det blir for drygt med utandørs symjing, og vil ikkje ta ansvaret for sikkerheita, seier fyrstelektor i kroppsøving og idrettsfag ved NTNU, Egil Galaaen Gjølme.

Frå hausten 2020 skal alle norske skuleelevar ha lært seg å symje og drive livredding i sjøen, ifylgje Utdanningsdirektoratet sine læreplanar.

Barn skal greie å berge seg sjølve i vatn frå 7. klasse. 10.-klassingane skal kunne forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen.

Men sjølv om ansvaret er nedfelt i lova, er det få norske skular som verkeleg gjer det.

I 2018 viste ei statleg undersøking at berre 11 prosent av skulane gjennomførte utandørs symjeopplæring.

Ei ny undersøking NRK har gjort viser at mange skular strevar med å gi elevane symjeundervisninga dei har krav på.

Gjølme har skrive lærebok om utandørs symjeundervisning og livredding. Han meiner det er viktig at lærarane skaffar seg kompetansen.

– Lærarane må kunne gjere gode risikovurderingar, og førebygge uhell, seier han.

Egil Galaaen Gjølme

FYRSTELEKTOR: Egil Galaaen Gjølme med NTNU.

Foto: Monika Nyhagen / NTNU

Kan starte i det små

Noreg har om lag 100 drukningsulukker kvart år, målet med utandørs symjing i skulane er at det skal bli færre.

– Ei løysing er å øve på grunna. Ein treng ikkje hoppe frå kaia utan å ha kjent litt på det, seier Gjølme.

I sjøen må ein takle ting som ikkje finst i eit oppvarma basseng – som straumar, kuldesjokk, at ein har klede på, og faren for å få panikk.

I dag greier berre 4 av 10 born symjekravet sjølv i oppvarma basseng.

Utesymjing Kjølsdalen

BERGING: Elevane øver på å hjelpe kvarandre om nokon ramlar over bord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Engstelege foreldre

Rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule, Thomas Hals, seier skulen har halde på med utesymjing lenge.

– Dei fyrste par åra var det ein del skepsis blant foreldre, og det forplanta seg til elevar også. Det var mykje diskusjonar og kontakt med foreldra.

Hals fortel at særleg vinterstid var det uro for kulde og sjukdom. Elevane er i sjøen også om vinteren, utan våtdrakt.

– Vi må alltid starte med grundige risikovurderingar. Elevane er også med og vurderer risikoen.

Skulen har dedikerte lærarar som brenn for utesymjing og friluftsliv, men ikkje alle skular har dette.

– Kanskje kan skuleeigar jobbe aktivt, til dømes ta kontakt med symjeskular eller redningsselskap, seier Hals.

Thomas Hals

REKTOR: Thomas Hals ved Kjølsdalen Montessoriskule i Stad kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skal kome seg opp i robåt frå djupt vatn

Ute i sjøen er det ganske sterk straum, likevel hoppar borna frå robåten 30 meter frå land. Målet er å kome seg om bord igjen ved å hjelpe kvarandre.

– Vi kan bestemme om vi ikkje vil, men eg synest det er gøy, seier Martine Telvik (10).

Ho synest det er viktig å kunne bade i kaldt vatn.

– Då kan du på ein måte klare deg kor som helst, seier ho.

Kjølsdalen Montessoriskule

SKULEN: Kjølsdalen Montessoriskule har kort veg til fjorden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK