Hopp til innhold

Sykla rett på bilen i overgangsfeltet

Ein gut i slutten av tenåra er sendt til sjukehus etter eit trafikkuhell ved eit overgangsfelt i Nordfjordeid.

Ein mann er sendt til sjukehus etter eit trafikkuhell i Nordfjordeid.

SYKLA: Ulukka skjedde då ein gut i slutten av tenåra kryssa E39 i overgangsfeltet på sykkel.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Uhellet skjedde i 09-tida då syklisten kryssa E39 i overgangsfeltet ved Eid kyrkje. Mannen trefte rett i sida på ein bil og vart sendt til Nordfjord sjukehus.

Skadeomfanget er førebels uvisst.

Politiet opplyser at dersom bilane skal ha vikeplikt for ein syklist i gangfelt, så må syklisten gå av sykkelen.

– I utgangspunktet skal ikkje syklistar sykle over fotgjengarfelt. Då må ein gå av sykkelen og trille den over, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Saka blir etterforska ved Eid lensmannskontor.