Hopp til innhold

Turistfølge på sykkel påkøyrd av bil i tunnel – mann (58) omkom

SAMNANGER (NRK): Bilist køyrde vidare etter ulukke med sykkelfølge på rundt ti turistar. – Dette er berre tragisk, seier ordførar.

Tunnel der dødsulykke skjedde i Samnanger

DØDSULUKKE: Her, vel 100 meter inne i tunnelen, var gruppa på ti syklistar trefte av ein bil. Biletet er tatt etter ulukkesgruppa sine undersøkingar på staden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Noko av det første patruljen vår trefte på var ein gruppe med syklistar som stod utanfor tunnelen. Det viste seg seinare at dei hadde vore med i same følge, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet til NRK.

Det var klokka 10.49 at naudetatane fekk melding om ei trafikkulukke inne i Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7 i Samnanger.

Kort tid seinare slo politiet fast at ein utanlandsk turist på 58 år døydde i ulukka.

Han var med i eit belgisk følge på rundt ti sykkelturistar som sykla på vegen. Alle er vaksne, og dei var på veg frå Bergen i retning Hardanger på fylkesveg 7.

Vel 100 meter før enden av tunnelen vart den eine i følget påkøyrd bakfrå av ein bil.

Bilen som trefte syklisten forlét staden.

Synnøve Malkenes, innsatsleiar i politiet

Bilist køyrde vidare

Luftambulansen landa på staden etter kort tid.

Klokka 11.27 melde politiet at syklisten har omkomme i ulukka. Ulukkesgruppa drog raskt til staden og gjorde undersøkingar på staden.

– Naudetatane var på staden etter kort tid, og det blei utført forsøk på livreddande arbeid. Men livet stod diverre ikkje til å redda, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Tunnel ulykke med syklist i Samnanger

STENGD: Raunekleivtunnelen er både mørk og startar med ein lang sving i retninga frå Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etter kvart viste det seg også at sjåføren av bilen ikkje stansa etter ulukka.

– Bilen som trefte syklisten forlét staden. Om han stakk av eller ikkje har skjønt kva som har hendt, det veit vi ikkje. Det heldt vi på å undersøke, seier innsatsleiar Synnøve Malkenes til NRK på staden.

Politiet stansa ein bilist som hadde skader på frontpartiet sitt, som dei trudde var involvert i ulukka. Mannen som er i 80-åra har blitt fråteke førarkortet, og er sikta for dette, opplyser lensmann i Samnanger, Marit Erstad.

Marit Erstad

VEIT IKKJE OM MANNEN FORSTÅR: Lensmann i Samnanger, Marit Erstad, vågar ikkje å uttala seg om mannen i 80-åra forstår kva som har skjedd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ho opplyser at mannen har vore i avhøyr, men at han ikkje har sagt så mykje om kva som har skjedd.

– Har han vore klar over kva som har skjedd?

– Det vågar eg ikkje å uttala meg om.

Det er 80-sone på staden, men politiet trur bilen har køyrd i rundt 50 kilometer i timen. Mannen skal i fleire avhøyr, men ikkje i dag. No blir han og familien hans følgt opp av kriseteam.

Sykkelulykke i Samnanger

Turistfølge på ferie i Norge

Turfølget til den omkomne mannen blei frakta til legekontoret i Samnanger og har blitt tatt vare på av kriseteam der. Dei held fram med turen sin, og skal bli følgt opp av eit kriseteam i ein annan kommune i løpet av kvelden.

– Dei andre syklistane er sjølvsagt sett ut og sjokkerte over det dei har opplevd, seier Malkenes.

– Vi har eit apparat som passar på dei, seier fungerande ordførar i Samnanger, Øyvind Røen (Sp).

Han bur ikkje langt frå tunnelen, og kjenner godt til området.

– Dette er ein mykje brukt veg for syklistar, og er mellom anna ein del av traseen i sykkelrittet mellom Bergen og Voss. Men samtidig er dette også ein litt stygg tunnel, som er mørk og lite lys i. Dette er berre tragisk, seier Røen til NRK.

Det var ein del trafikk på staden og denne blei ført inn på ein lokal omkøyringsveg. Tunnelen var stengd i fleire timar.

Like før klokka 14.00 vart vegen opna for normal trafikk.

Politiet i ulukke der syklist døydde

KØYRD VEKK: Politiet og innsatsleiar Synnøve Malkenes måtte spore opp bilen som var involvert i ulukka.

Foto: Jon Bolstad