Hopp til innhold

Belgiske sykkelturistar fann kameraten livlaus i tunnelen

Ingen i sykkelfølget fekk med seg den dramatiske ulukka der turist vart påkøyrd og drepen. Broren til den omkomne var med i følget.

Syklist omkom i Raunekleivtunnelen

OMKOM: Ein belgisk mann (58) mista livet etter å ha blitt påkøyrd inne i Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7 i Hordaland.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ein belgisk turist i eit større sykkelfølgje vart i går påkøyrd og drepen i den 250 meter lange Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7 mellom Trengereid og Samnanger.

– Vi fekk gjort avhøyr av sykkelfølgjet i går kveld. Det kom ikkje fram nye opplysningar, fordi ingen av dei har sett sjølve ulukka, seier fungerande lensmann Marit Erstad i Samnanger til NRK.

Erstad i politiet fortel at sykkelfølgje var splitta då ulukka skjedde. Ho bekreftar at mannen vart påkøyrd bakfrå og at han var den bakarste av dei syklistane som var inne i tunnelen.

Fann kameraten i vegbana

Men to syklistar i følgjet låg enno lenger bak på fylkesveg 7 på grunn av problem med den eine sykkelen.

– Då dei kom inn i tunnelen fann dei sykkelkameraten liggande medvitslaus i vegbana. Resten av følgjet lenger framme hadde ikkje fått med seg kva som skjedde, fortel Erstad.

Raunekleivtunnelen fv 7 Samnanger

TUNNEL: To personar i sykkelfølget var lenger bak og fann sykkelkameraten livlaus inne i tunnelen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Inne i tunnelen var det allereie andre bilistar på staden som melde frå om ulukka til naudetatane. Luftambulansen var på plass etter kort tid, men livet til den 58 år gamle mannen stod ikkje til å redde.

NRK får opplyst at den omkomne hadde ein bror i sykkelfølget. Øvrige pårørande heime i Belgia er varsla.

Reagerte på skada bil

Ein mann i 80-åra er formelt sikta for å ha køyrd på den belgiske syklisten. Det er førebels uklart kva mannen har sagt om det som skjedde, men det er brakt på det reine at han ikkje stoppa etter å ha køyrt ned mannen.

– Det er andre bilistar som har reagert på omfattande skader i frontpartiet på bilen, og deretter meldt ifrå til politiet.

Den sikta bilføraren skal i nye avhøyr av politiet. Samstundes jobbar politiet og ulukkesgruppa i Vegvesenet med dei tekniske undersøkingane. Politiet har vitneskildringar frå bilistar som såg sjølve ulukka.

– Både sykkelen og bilen er inne til undersøkingar hjå krimteknikarar. Det er store skader på sykkelen, bekreftar lensmann Erstad.

Marit Erstad, politiet i Samnanger

ETTERFORSKAR: Fungerande lensmann Marit Erstad i Samnanger.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fekk hjelp

Både bilisten og det belgiske sykkelfølget fekk hjelp av kommunen sitt kriseteam i går kveld.

Dei andre turistane i sykkelfølgjet vart frakta til Voss etter ulukka i går. Her stilte Voss kommune med krisestab.

– Dei ønskte å ha nokon å snakka med i går kveld, og vi hadde ein person som kunne språket, fortel fungerande rådmann Mette Matthiessen.

Etter det NRK har fått opplyst vil sykkelfølgjet no ta seg heim igjen til Belgia på eiga hand.