Hopp til innhold

Tjuven svømte vekk med geita hans på ryggen

Frekke tjuvar stal og svømte vekk med ei av geitene til Kjell Tore Solvang. – Dei skal vere glad for at eg ikkje fekk tak i dei den kvelden.

Kjell Tore Solvang

LITE NØGD: Kjell Tore Solvang er forbanna over at uvedkommande tok seg over på Straumsnesholmane og stal ei av geitene hans.

Foto: Stig Erik Elliott / Askøyværingen

Det var søndag kveld klokka 21.16 at politiet fekk den noko spesielle meldinga frå Askøy. Ein meldar hadde sett ein person svømme over sundet ved Erdal før han gjekk i land på Straumsnesholmane. Der skal han ha tatt med seg ei av geitene som beitar på holmen og lagt på svøm tilbake til fastlandet.

Med geita på ryggen.

Som Askøyværingen skriv i dag, så er det Kjell Tore Solvang som eig geitene. Han hadde sju geiter gåande ute på holmen. Sundag vart dei altså til seks.

– Eg blir irritert når folk gjer slikt. Mest irritert blir eg over at dei berre dreg geita inn i skogen og drep den med kniv, seier han til NRK og hevdar tjuven tok livet av geita før han svømte tilbake til fastlandet.

– Eg vart forbanna

Viss nokon er så desperate etter mat så får dei heller ringe meg

Kjell Tore Solvang

Han fortel at han kom heim etter ein tur sundag kveld.

– Då såg eg over til holmen med kikert, og såg at geitene mine gjekk der. Så les eg på nettet måndag at noko har sett ein person svømme frå Straumsnesholmane med ei geit på ryggen. Då tok eg båten over og kunne konstatere at ei av geitene mine mangla.

Meldar skal ha fortalt politiet at då geitetjuven kom i land på fastlandet, skal han ha blitt møtt av ein anna person. Saman bar dei geita vekk.

Akkurat det er Solvang fint lite nøgd med.

– Eg vart jo ganske forbanna. Dei har jo ikkje svømt over sundet med ei levande geit på ryggen, så dei må jo ha drepe geita, meiner han.

Solvang peikar til observasjonen til meldaren. Den fortel at tjuven skal ha fanga ei geit og deretter blitt vekke i skogen på holmen før personen returnerte og la på svøm med geita på ryggen.

– Han må ha hatt med seg kniv, meiner Solvang.

Rykka ut med hundepatrulje

Då politiet fekk melding om tjuveriet sundag kveld, rykka dei ut med ein hundepatrulje. Men dei fann verken tjuvane eller geita.

Solvang vart råda til å melde tjuveriet til politiet, noko han gjorde måndag føremiddag. Han forklarar til avisa Askøyværingen at han vel å gå ut i media slik at folk skal vera klar over kva som har skjedd.

– Det bur ein del folk i området og dei er dei beste vaktbikkjene. Det var flott at nokon såg personen svømme over sundet, seier han og legg til at han håpar naboar følgjer med slik at det ikkje skjer igjen.

Passar på kulturlandskap

For geitene vil han helst ha ute holmen. Dei er plasserte der for å halde kulturlandskapet ved like slik at det ikkje gror att.

– Når geitene er gått der eitt år så blir det veldig flott. Mange har ringt og sagt at det er fint å gå i land.

Han seier han har vurdert å hente dei siste seks geitene heim.

– Men eg får heller passe på litt. Viss nokon er så desperate etter mat så får dei heller ringe meg, så eg kan slakte ei til dei. Det er betre det enn måten dei gjer det på.