Smågodt, lammelår og brus. Butikkane dumpar prisane på typiske påskevarer for å lokke oss innom butikkdørene før påske. No gjer dei det same med paprika.
Den siste tida har paprikaprisen nådd nye høgder med ein kilopris på 100 kroner. Hetebølge og frostnetter fekk skulda for dei høge prisane, men det var før paprikaen blei ein del av priskrigen.
Denne veka har fleire butikkjeder dumpa prisane med nær 95 prosent, skriv Nettavisen.
Ifølge avisa selde Meny, Kiwi og Rema 1000 paprika til to kroner per kilo nokre stader.
– Det er heilt sprøtt. Kundane kan gle seg over låge prisar, men butikkane tapar, seier daglegvareekspert Odd Gisholt.
Ikkje lik pris på frukt og grønt
Men priskrigen gjeld ikkje for alle. Har du planar om å sikre deg billeg paprika, så er det ikkje sikkert at prisen er låg akkurat der du bur.
– Ein butikkjede har like prisar på alt frå brus til frosenpizza over heile landet, men ikkje når det gjeld frukt og grønt. Difor kan prisen på paprika variere, seier NHH-professor Øystein Foros.
NRK tok ei runde i fleire Rema 1000- butikkar ulike stader i landet torsdag klokka 11.00.
Ved Rema 1000 Torshov i Oslo var kiloprisen litt over 19 kroner torsdag føremiddag. På Rema 1000 i Alta sentrum var kiloprisen 89,90 kroner.
Prisskilnaden er langt frå ny, for slik har det vore i mange år, meiner professor Foros.
Sel varer med tap
Kategori- og innkjøpsdirektør Line Aarnes i Rema 1000 seier at dei skal vere billigast på daglegvarer.
– Derfor sel vi no enkelte varer med tap, seier ho.
Coop Noreg er også med i priskrigen, mellom anna på paprika.
Sjølv om grønsaka kostar mykje i innkjøp, har matvarekjeda sett ned prisen kraftig dei siste dagane.
– Det er bra for kundane våre, paprika er et populært produkt, og så er det ekstra hyggeleg at det er på eit sunt produkt prisen fell så kraftig, seier han, og viser til at det ofte er smågodt som blir dumpa i pris.
På Rema 1000 i Førde fyller trebarnsfar Mats Engebø (33) handlekorga med brus, grønsaker og andre daglegvarer.
Etter at prisane auka mykje er familien i Sunnfjord meir obs når dei handlar.
– Før kunne du berre handle i veg, men med tre ungar i heimen går det mykje pengar til mat. Då må ein tenke seg meir om, seier 33-åringen, som helsar priskrigen i butikkane velkommen.
At prisane på paprika svingar stort, synest han er ille.
Akkurat denne torsdagen er prisen på nær 90 kroner kiloen.
– Det er heilt sprøtt, men mat må ein jo ha.
Blei heilt paff
Litt lenger inne i butikken har Inger Johanne Hjemsæter (86) fylt opp korga med kaffi på tilbod og gule tulipanar.
Hjemsæter er om seg når det er varer på tilbod. At butikkane krigar om kundane no før påske, synest ho er heilt topp.
– Og særleg for barnefamiliane. Det er ille at det er blitt så dyrt, seier sunnfjordingen, som også har merka seg den høge prisen paprika.
– Eg blei heilt paff, for der har prisen auka mykje.
19 år gamle Marcus Majchrowicz bryr seg ikkje særleg om prisane. Denne formiddagen jaktar han bacon og egg.
– Eg kjøper det eg vil ha og tenke ikkje over prisen, seier lærlingen.
Men når butikkane dumpar prisen på godteri, er han likevel om seg:
– Eg hamstrar meir når godteri er på tilbod, seier han.