Hopp til innhold

Svidde på treningsleir

Treningsleiren i Danmark for Vik sitt fotballag gjekk ikkje heilt slik dei hadde planlagd.

Solarium

Illustrasjonsfoto

Foto: NEU Philippe / PHOTOPQR/LE REPUBLICAIN LORRAIN

Grunn? Jo, mange av spelarane hadde teke litt for mykje solarium.

For vinterbleike fotballspelarar frå Vik reiste til Danmark palmesundag på den første treningsleiren på i alle fall 15 år. Der venta to treningsøkter kvar dag i tillegg til ein kamp mot bergenslaget Hovding.

Raude og rosa

Og rett utanfor hotellet venta eit solstudio.

- Det var ikkje akkurat La Manga-temperatur, så ein del av dei yngre spelarane ville nytte seg av solariumet, seier Jarle Christensen som er kaptein på laget.

Men etter ein lang vinter så tåler kanskje ikkje huda så mykje som ein trur.

- Desse karane skrudde styrken på det sterkaste og det enda med at dei vart rimeleg svidde etter kvart. Dei vart både raude og rosa på heile kroppen, ler kapteinen som sjølv ikkje var mellom dei som sola seg.

Rett på apoteket

Han trur at solsengene i Danmark må vere sterkare enn i Norge, for ein del solar seg litt her heime.

- Men det var fleire nivå, så dei hadde full styrke på alt.

Og dermed bar det av garde til næraste apotek, for dei måtte få tak i kremar dei kunne smørje seg inn med.

Skikkeleg svidd etter to omgangar

Christensen fortel at særleg ein av vikjene var uheldig.

- Han solte seg i 20 minutt, og gjekk så tilbake til hotellet. Men han meinte at det ikkje var særleg effekt etter første omgang. Dermed tok han seg ein tur til og solte seg 20 ekstra minutt. Det enda med at han vart skikkeleg svidd. Med ein gong var det ikkje så gale, men utpå natta vakna han og fekk ikkje sove. Då var det å smørje seg inn med aloe vera for å roe huda.

Mange kommentarar

Og i matsalen neste dag var det mange kommentarar då 8-9 av totalt 20 spelarar troppa opp rimeleg rosa. Det fekk dei også frå motspelarane då dei spelte treningskamp tysdag.

Men sjølv om vikjene tapte 3-1, så vil han ikkje skulde på dei solbrende spelarane.

- Dei er tøffe karar som tåler ein støyt, men kanskje har dei fått seg ein lærepenge til neste gong.

Vondt med ball mot svidde lår

Det var to-tre spelarar som ikkje var med på kampen, men dei hadde andre skader i tillegg.

- I alle fall sa dei det, ler kapteinen.

Men for dei som var med på kampen, var det ikkje særleg behageleg å få ballen mot kroppen.

- Dei kjende det nok då det kom ein ball mot ein raud brystkasse eller eller eit svidd lår.

Klare til neste helg

Neste helg møter er det seriestart i 3. divisjon og første kamp for nyopprykka Vik blir mot Kaupanger.

- Fargen til spelarane er nok bra til seriestarten. Vi gler oss i alle fall og trur vi kan gjere ein god sesong i år.