Hopp til innhold

Etterlengta opptur for Sverre Lunde Pedersen eit halvt år etter sykkelulukka som øydela sesongen

Før jul hadde han ikkje ein gong kvalifisert seg til den avgjerande 10.000-meteren. Så samla Sverre Lunde Pedersen kreftene sine, og tok sitt tredje strake VM-sølv. Denne gongen var sølvet som å vinne gullet.

VM skøyter allround / sprint 2020 Hamar

VANN SØLVET: Sverre Lunde Pedersen.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sjeldan har munnhellet til Knut «Kuppern» Johansen om at «sølv er nederlag» vore meir treffande enn då Sverre Lunde Pedersen fall frå VM-gullet i Amsterdam i 2018.

To år seinare tapte ikkje 27-åringen gullet heime i Vikingskipet. Han vann sølvet.

For denne sesongen har ikkje Pedersen ein gong vore i nærleiken av å vera ein av verdas beste skøyteløparar. Før helga det gjaldt som mest.

– Eg klarte ikkje å sjå korleis eg skulle klare å kome meg til målet, eg har mykje å takke publikum for støtta dei gav meg alle 25 rundane, sa sølvvinnaren til NRK etter siste distanse.

Slit etter ulukka

Forma har aldri vorte den same etter sykkelulukka i september. Framleis slit han med hovudskaden han fekk etter ulukka.

Sjølv om Sverre Lunde Pedersen hadde ein teoretisk sjanse til å ta igjen nederlandske Patrick Roest på den avgjerande 10.000-meteren, vart det tidleg klart at kampen stod om å berga sølvmedaljen.

– Det var tøft eg hadde neste ingen krefter igjen, sa Pedersen.

Etter å ha tapt sekund på sekund i løpet av dei siste rundane, var det berre fattige 66 hundredelar som skilde Pedersen og japanske Seitaro Ichinohe.

– Då eg tapte sekund på siste rundane hadde eg ikkje kontroll i det heile tatt. Det var heilt tomt då eg kom i mål, sa Pedersen til NRK etter løpet.

Vil bli endå sterkare

Marginane var på Lunde Pedersen si side, og osingen kunne innkassera den fjerde sølvmedaljen i allround-VM, den tredje strake.

– Eg er ekstremt godt nøgd med sølv på heimebane, når eg går her gløymer eg førebuingane eg har hatt og blir gira på å vinne. Eg veit eg treng ei skikkeleg førebuing og unngå problem. Patrick Roest var i ei eiga klasse denne helga, eg må gjere det eg kan for å utfordre han om to år.

No ventar tre veker med utan trening for å kome seg heilt etter skaden.