Hopp til innhold

Svenskane skal hjelpe oss med å unngå at fjordhesten døyr ut

Dei nasjonale hesterasane er i skotet. Men det blir fødde for få av dei. No skal forskarar finne ut kvifor.

– Fjordhesten er veldig ettertrakta for tida. Vi har for få og prisane har gått opp. Vi hadde selt fleire om vi kunne, seier Asle Espe, som er organisasjonssekretær i Norsk fjordhestlag

Han seier fjordhesten har eit flott temperament og passar for heile familien.

– Det er ein positiv trend. Mange kjøper seg unghest. Det er eit sug i marknaden, og vi avlar det vi kan.

I Førde har Svein Erik Hafstad ti fjordingar. Han seier det har blitt vanskelegare å få tak slike.

– Ja, det er ikkje så enkelt som det var tidlegare. Det har forandra seg dei siste fem åra. Fjordhesten har gode brukseigenskapar og blir brukt mykje til køyre- og ridehestar. Eg får spørsmål heile tida frå folk som ønskjer slike, seier han.

Fjordhesten er del av vestlandsidentiteten, og blei verkeleg kjent for mange gjennom rolla som slottshest i Frost-filmane til Disney.

Eit viktig tal

Ingrid Hunter Holmøy, førsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, seier det er fleire årsaker til at det vert født for få føl. Miljøfaktorar, alder og infeksjonar kan spele inn.

– Det kan også handle om genetikk der innavl er årsaka, seier ho.

Asle Espe seier det var veldig låge bedekningstal i 2014. Talet har auka, og i fjor blei det fødd nesten 200 fjordhestar.

– Det er eit viktig tal, for 200 er det talet vi må ha for å motverke innavl.

Ein ferdig opplært fjordhest kostar mellom 60.000 og 100.000 kroner medan eit føl kostar 25.000-35.000 kroner. Det tek tid å oppdra ein hest til «eit produkt» kundane vil kjøpe. Først skal hoppa gå drektig i 11 månader, før hesten må trenast i 4–5 år.

– Dei låge bedekningstala frå 2014–2016 heng igjen. Det er først når vi kjem opp i 200 føl i året at vi klarar å mette marknaden.

Les også Denne fjordhesten er eit mirakel

Fjordhesten Mirakel

Hjelp frå Sverige

No får dei støtte frå ei svensk stifting for å finne ut korleis det kan bli fødd fleire i åra framover.

Stiftelsen hästforskning finansierer hesteforsking i Sverige og Noreg. Dei har løyvd 3 millionar til prosjektet «Fenomen: Fertilitet hos nasjonale norske hesterasar».

Her er måla å finne ut kvifor fødselsraten på dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest ikkje er høgare. Prosjektet starta i haust og skal halde fram til hausten 2024.

– Hovudmålet vårt er komme fram til avlsråd som kan betre fertiliteten, seier Ingrid Hunter Holmøy.

Dei tre rasane har no status som truga og er rekna som bevaringsverdige nasjonale rasar. Tidlegare har dei hatt status som kritisk.

Espe seier at talet på hopper som blir med føl har lege på 50 prosent, medan talet bør ligge på 70. Det er fjordhesten og dølahesten som har den lågast prosenten.

– Det er veldig interessant å følge med på, og vi blir nok veldig nøgde når vi får kunnskapen frå prosjektet, seier han.

Fjordhest hos Svein Erik Hafstad i Førde

KOSTAR: Prisen på ein ferdig opplært fjordhest kostar mellom 60.000 og 100.000 kroner.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK