Hopp til innhold

Skal sveitte til Grieg

Ein 71 år gamal konsertpianist gir spinning ein ny vri. No skal det sveittast til Edvard Grieg.

Inviterer til spinning med Edvard Grieg

No skal det sveittast til Edvard Grieg sin musikk. Senterleiar ved SATS, Asle Pedersen, ser fram til ein spesiell spinningtime.

Foto: Arkiv/Rebecca Nedregotten Strand / NRK

I dag kom det eit piano til treningskjeda SATS i Bergen.

I samband med Edvard Grieg Septemberfestival skal det sveittast på utradisjonelt vis.

– Det er noko heilt anna enn det vi er van med, seier senterleiar Alse Pedersen, eg trur det vil gje ei emosjonell kjensle å sykle til klassisk.

Søndag kjem konsertpianist Liv Glaser til Bergen for å spele 21 av Grieg sine stykke til ein spinningtime.

– Det er mykje klassisk musikk som egnar seg til spinning, fortel ho, og den kan vere med å få musikken ut til folket.

71 åringen har tidlegare spelt til ein liknande time på Bekkestua i Bærum.

Der vart konseptet så godt motteke at dei har heldt fram med å trene til klassisk, men då med musikk på cd.

– Dei rytmiske stykka er best å sykle til, seier Glaser, Dovregubbens Hall går veldig fint.

Firhendig med direktøren

Til vanleg spelar Liv Glaser i meir "kultiverte" salar, men ho bryr seg ikkje om nokon meiner det er ufint å spele Grieg på SATS.

– Ein kan kanskje seie at dette ikkje er bra for den klassiske musikken, seier ho, men det er jo ein flott måte å nå ut til mange som kanskje elles ikkje går på klassiske konsertar.

På to av stykka ho skal spele i Bergen får ho selskap på pianokrakken. Direktøren for Grieg 07, Ragna Sofie Grung Moe, har teke utfordringa og skal spele firhendig med Glaser.

– Eg trur det blir morosamt, seier Glaser, vi kjenner kvarandre frå Musikkhøgskolen.

71 åringen håper timen også vil inspirere dei som er med til å kome seg ut å oppleve den naturen som inspirerte mykje av Grieg sin musikk.

– På spinning sit ein berre og sveittar mellom fire veggar, eg håper folk blir inspirerte til å høyre Grieg i øyrene sine, for deretter å gå ut i naturen og nyte det heile.